Kvifor krøllar matpapiret seg i handa?
Legg eit matpapir på handflata di. Handa skal vere utstrekt og med innsida av handa opp. Vent nokre sekund. Kva skjer? Følg Nysgjerrigpermetoden for å komme nærare eit svar.
1. Dette lurer vi på
Problemstilling: Kvifor krøllar matpapir seg i handa?
De får ein skuletime på å bruke Nysgjerrigpermetoden til å finne ut kvifor. Gå vidare til neste trinn.
2. Kvifor er det slik?
Diskuter i klassen og lag hypotesar, det vil seie moglege forklaringar, til kvifor matpapiret krøllar seg.
Start hypotesen med "Eg trur at matpapiret krøllar seg i handa, fordi …"
Jobb vidare i grupper. Kvar gruppe vel éin hypotese dei vil undersøkje og går til trinn 3.
3. Legg ein plan
Korleis vil de teste om hypotesen stemmer eller ikkje? Kan de bruke utstyr og ting de finn i nærleiken? Og korleis vil de notere resultatet på testane? Ikkje byrj uttestinga før planen er heilt klar!
4. Hent opplysningar
Gjennomfør utforskinga etter planen frå punkt 3. Hugs å notere kva som skjer. Ver tilbake i klasserommet til avtalt tid.
5. Dette har vi funne ut
Sjå på resultata frå undersøkinga. Kva fann de ut om hypotesen? Stemmer han, stemmer han litt, eller stemmer han ikkje i det heile? Kva har det å seie for problemstillinga? Er det mogleg å konkludere?
6. Fortel til andre
Fortel dei andre gruppene kva hypotese de hadde, korleis de testa han og kva de fann ut. Når alle gruppene har lagt fram funna sine, diskuterer de kva slags svar de til saman kan konkludere med.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 14:06 CEST