Kvifor krøllar matpapiret seg i handa? (Lærarrettleiing)
Om du legg eit mellomleggspapir i handa, krøllar det seg saman. Elevane skal lage hypotesar og teste dei for å finne ut kva som skjer.
Tidsramme: Ein skuletime
Rom: Klasserommet eller andre stader
Utstyr: Mellomleggspapir (eitt til kvar elev) og noko å notere på. De kan få bruk for vatn, noko anna papir, tørkepapir, kopp, glas eller skål, ei varm overflate, t.d. ein radiator. Utstyr avheng av korleis elevane vil teste hypotesane.
Dette er lærarrettleiinga til forskarsprinten. Her finn du elevsida.
Introduksjon av problemstillinga
Be ein elev komme opp og strekkje ut handa si med handflata opp. Legg eit mellomleggspapir på handflata og vent litt. Papiret vil bøye seg og rulle seg saman i handa hos dei fleste.
Kvifor krøllar matpapiret seg i handa?
Denne problemstillinga skal elevane no utforske ved hjelp av Nysgjerrigpermetoden. Presisér for elevane at dei ikkje skal gå i gang med utforskinga før hypotesar er laga og planen for undersøkingane er klar.
Lag hypotesar i plenum
Diskuter i plenum kva de trur kan vere svar på spørsmålet. Bli samde om nokre hypotesar, dvs. moglege forklaringar. Døme på hypotesar kan vere:
- Eg trur matpapiret krøllar seg fordi handa er varm.
- Eg trur matpapiret krøllar seg fordi papiret er tynt.
- Eg trur matpapiret krøllar seg hos dei som er forelska (spesielt artig om du har klipt hjarteform av matpapiret før du delte det ut).
Jobb vidare i grupper
Kvar gruppe vel éin hypotese dei vil undersøkje (det gjer ikkje noko om fleire grupper jobbar med same hypotese). No kan du gjerne dele ut elevsida og mellomleggspapir til gruppene.
Legg ein plan for testinga i grupper
Elevane i kvar gruppe må finne ut korleis dei kan teste om hypotesen stemmer eller ikkje, og korleis dei vil notere seg resultatet, før dei kan gå i gang med uttestinga.
Hent opplysningar i grupper
Elevane gjennomfører planen, gjer eigne undersøkingar og innhentar opplysningar som kan styrkje eller svekkje hypotesen. Gi elevane eit tidspunkt å vere tilbake på.
Oppsummering i gruppene
Elevane ser på resultata frå undersøkingane. Kva seier resultata om hypotesen? Er han styrkt eller svekt? Og kva seier det igjen om problemstillinga? Minn elevane på at det er like viktig å finne ut kva hypotesar som ikkje stemmer, som det motsette.
Oppsummering i plenum
Gruppene legg etter tur fram funna sine for resten av klassen. Kva har de til saman funne ut? Kan de no konkludere med noko? Hugs at det å ikkje finne eit klart svar også er eit svar!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 13:19 CEST