Ta bleieforskinga eitt steg vidare

Her går både elevar og lærarar inn i rollane som forskarar og produsentar. Alt de treng er to typar bleier, noko å skrive med og ei leiken og nysgjerrig innstilling.

Rollebasert forsking i klasserommet 

Marianne Ødegård, professor i Naturfagsdidaktikk ved UiO, brenn både for naturfag og for drama. Ho har forska på undervisning der elevar får ta rolla som forskar, medan lærar speler produsent i bleieindustrien. 

Tidsramme: To skuletimar  

Stad: Eit klasserom  

Trinn: 4.–10. trinn 

Utstyr per gruppe: Éi bleie av kvar type (t.d. Pampers og Libero)  

Rollefordeling 

To lærarar (eller ein lærar og ein elev) speler kvar sin bleieprodusent, til dømes éin frå Pampers og éin frå Libero, og representerer merka sine tydeleg. Elevane får i oppdrag å forske på følgjande problemstilling:  

Kva bleietype er best?  

Elevane bestemmer sjølv kva undersøkingar dei vil gjere, men dei må planleggje nøye på førehand. Før dei set i gang, skriv dei eit abstrakt, det vil seie ein kort tekst der dei beskriv kva dei skal undersøkje og korleis. Dette fungerer som ein søknad til forskarkonferansen dei skal vere med på seinare.  

Tips: Elevane bør lage ein tabell før dei startar testinga, slik at dei har eit godt system for å registrere funna sine. Ver tydeleg på kor lang tid dei har til uttesting. Avgrensing av tid kan bidra til å halde rpå konsentrasjonen undervegs. 

Forsking og konferanse  

Etter at testinga er gjennomført, samlast klassen til ein forskarkonferanse. Kvar gruppe presenterer kva ho har undersøkt, korleis dei gjorde det og kva bleie som kom best ut i funna deira.   

Her er det bleieprodusentane sin tur til å skine i rolla: Still kritiske spørsmål, argumenter for produktet ditt og utfordre elevane til å grunngi vala sine. Då får elevane øve seg på å diskutere kva dei faktisk har funne ut, samtidig som dei lærer å sjå ei problemstilling frå fleire perspektiv – både som forskarar og som representantar for ulike interesser. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 august 2025, 14:32 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.