Kva skjer eigentleg inni ei babybleie?
1: Problemstilling: Korleis kan ei bleie halde på så mykje væske?
De skal bruke Nysgjerrigpermetoden til å finne ut kva som gjer at ei bleie klarer å halde på så mykje væske.
2: Hypotesar
Korleis trur de ei bleie kan halde på mykje væske? Kva kan vere inni bleia? Alle på gruppa skal seie kva dei trur og kvifor. Når alle har delt tankane sine, diskuterer de i gruppa og blir samde om nokre hypotesar, altså forslag til forklaringar.
3: Plan for undersøkinga
Kvar gruppe får:
- ei bleie
- ei saks
- eit farga ark (for då er det lett å sjå innhaldet i bleia)
- eit glas
- litt vatn
Framgangsmåte:
- Legg bleia på arket.
- Klipp bleia over på midten.
- Ta ut innhaldet med hendene og la det liggje på arket.
Deretter skal de undersøkje innhaldet litt nærare:
- Samle innhaldet i eit glas.
- Hell litt vatn i glaset.
- Kva skjer?
Avtal korleis de skal notere det de observerer før de startar. Ikkje byrj testinga før de er heilt klare!
4: Hent opplysningar
No skal de gjennomføre undersøkinga i tråd med planen. Hugs å observere nøye og skriv eller teikn det de ser.
5: Drøft og samanfatt
Snakk saman i gruppa: Kva trur de gjer at ei bleie kan halde på så mykje væske, basert på det de har funne ut?
6: Fortel til andre
Del med resten av klassen:
- Kva hypotese hadde de?
- Korleis testa de hypotesa?
- Kva fann de ut?
Kan de saman lage ei felles forklaring i klassen? Stemmer forklaringa med det de observerte?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 14:33 CEST