Kva skjer eigentleg inni ei babybleie?
I denne forskarsprinten får de utforske kva som gjer at bleier kan halde på så mykje væske utan at dei lekkjer. De treng: babybleiar, sakser, farga papir, glas og litt vatn. Gjer dykk klare til å finne ut kva som skjuler seg inni!
Tidsramme: Ein skuletime
Stad: Eit klasserom
Passar for: Alle trinn
Utstyr per gruppe:
- ei barnebleie
- saks
- farga A4-ark eller aluminiumsfolie
- eit lite glas
- litt vatn
Introduksjon av problemstilling
Start med å spørje elevane i klassen kor mykje vatn dei trur ei bleie kan halde på. La elevane komme med forslag. Deretter testar de saman ved å helle litt og litt vatn på bleia. La vatnet trekkje inn og snu så bleia opp ned for å sjå om ho byrjar å lekkje.
Når bleia etter kvart byrjar å lekkje, stiller du det neste spørsmålet: Korleis er det mogleg at ho klarer å halde på så mykje væske?
Hypotesar
Del elevane i grupper på tre–fire elevar og be dei diskutere moglege forklaringar på kvifor ei bleie klarer å halde på væska og kva som kan vere inne i bleia. Når elevane kjem med forslag, lagar dei hypotesar, det vil seie idear om kva dei trur er forklaringa.
Døme på hypotesar:
- Bleia inneheld eit stoff som syg til seg vatn.
- Bleia har mange lag papir som syg til seg vatn.
- Bleia er laga av eit stoff der vatn berre kan gå inn, men ikkje ut av.
Plan for undersøking
I denne forskarsprinten gir læraren ein plan for undersøkinga. Kvar gruppe får delt ut ei bleie, saks, farga ark (eller aluminiumsfolie), glas og vatn. Elevane følgjer denne framgangsmåten:
- Legg bleia på arket.
- Klipp bleia i to.
- Ta ut innhaldet med hendene og legg det på arket
Deretter skal dei undersøkje innhaldet litt nærare:
- Samle innhaldet i eit glas.
- Hell litt vatn i glaset.
- Sjå kva skjer.
Hent opplysningar
La gruppene gjennomføre planen og observere nøye kva innhaldet i bleia er.
Elevane må hugse på å notere funna sine! Dei kan gjerne bruke både teikning og tekst.
Drøft og samanfatt
Gruppene diskuterer kva som kan vere forklaringa på at bleia held på så mykje væske basert på det dei har sett.
Fortel til andre
Kvar av gruppene deler med resten av klassen:
- Kva hypotese hadde dei?
- Korleis testa dei hypotesa?
- Kva fann dei ut?
Til slutt diskuterer de i klassen om nokre hypotesar har vorte styrkte og prøver å lage ei felles forklaring.
Fagleg forklaring
I tillegg til bomull er det eit stoff som blir kalla natriumpolyacrylat i bleier. Dette stoffet blir kalla ein superabsorberar. Det betyr at stoffet kan ta opp store mengder vatn i forhold til si eiga vekt.
Døme: Eitt gram av stoffet kan binde til seg om lag 300 gram springvatn eller om lag 800 gram destillert vatn.
Stoffet natriumpolyacrylat er eit polymer, altså lange kjedar av molekyl.
Naturlege polymerar: gummi og cellulose.
Syntetiske polymerar: nylon, teflon og silikon.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 august 2025, 14:38 CEST