Kvifor foldar vi hendene ulikt?
Fold hendene dine. Kva tommel har du øvst? Samanlikn med dei andre rundt deg. Kor mykje kan du finne ut om denne problemstillinga på berre éin skuletime? Tek du utfordringa? Følg dei seks trinna i Nysgjerrigpermetoden!
1. Dette lurer vi på
Problemstilling: Kvifor foldar vi hendene ulikt?
De får ein skuletime på å bruke Nysgjerrigpermetoden til å finne ut kvifor. Gå til neste trinn.
2. Kvifor er det slik?
Diskuter i klassen og lag hypotesar, det vil seie moglege forklaringar, til kvifor vi foldar hendene ulikt.
Start hypotesen med "Eg trur vi foldar hendene ulikt, fordi …"
Jobb vidare i grupper. Kvar gruppe vel éin hypotese dei vil undersøkje og går til trinn 3.
3. Legg ein plan
Korleis vil de teste om hypotesen stemmer eller ikkje? Kan de finne forsøkspersonar og utstyr i nærleiken? Og korleis vil de notere resultatet på testane? Ikkje byrj uttestinga før planen er heilt klar!
4. Hent opplysningar
Gjennomfør utforskinga etter planen frå punkt 3. Hugs å notere kva som skjer.
5. Dette har vi funne ut
Sjå på resultata frå undersøkinga. Kva fann de ut om hypotesen? Stemmer den, stemmer han litt, eller stemmer han ikkje i det heile? Kva har det å seie for problemstillinga? Er det mogleg å konkludere?
6. Fortel til andre
Fortel dei andre gruppene kva hypotese de hadde, korleis de testa han og kva de fann ut. Når alle gruppene har lagt fram funna sine, diskuterer de kva slags svar dykk til saman kan konkludere med.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 14:10 CEST