Redningsoppdrag: Egg i fritt fall

Et skjørt egg skal ut på et farefullt oppdrag: Det må overleve et fall fra stor høyde uten å sprekke. Dere er ingeniørene som må redde det! Med enkle materialer og kreative løsninger skal dere beskytte egget.

Dette er elevsida til forskarsprinten. Her finn du lærarsida.

Problemstilling

Korleis kan de få eit egg til å overleve eit fall frå 2 meter?

Lag hypotesar

De skal jobbe i grupper. Kvar gruppe får to egg og to ziplock-posar. De skal prøve éin type vern til kvart egg. Kva materiale trur de kan dempe støtet når egga landar?

Gruppa må bli samde om to materiale dei vil teste og skrive ein hypotese: “Vi trur at …..  kan verne egget, og at … kan verne egget”.

Planlegg

Denne forskarsprinten krev endel planlegging. Kvar gruppe må ta finne ut av

  1. Kva utstyr treng de? Korleis skal de få tak i materiala?
  2. Korleis skal egget og vernet plasserast i ziplock-posen? De skal diskutere og lage ei teikning som viser kva de tenkjer.
  3. Korleis vil de gjennomføre eksperimentet? Kva høgder vil de sleppe egga frå?
  4. Korleis skal de samle dataa frå uttestinga? Om de lagar ein tabell må det vere plass til å skrive høgd over bakken og til å notere om egget knuser eller ikkje.

Lag verneposane til egga.

Test

De kan teste anten saman med heile klassen eller i grupper. Når alt er klart – slepp egga frå høgdene de har planlagd, og sjå om vernet held!

Undersøk

Overlevde egget? Korleis ser det ut? De må hugse på å notere i tabellen.

Sjå på resultata

Gruppene diskuterer kva dei fann ut og deler erfaringane med resten av elevane. Klassen diskuterer kva løysingar som fungerte best og kvifor. Diskuter også om prinsippet bak oblek kan minne om vernet dei laga til egga.

Til slutt kan de lage ei liste over ting som vernar godt mot støyt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 14:06 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.