Redningsoppdrag: Egg i fritt fall (lærarrettleiing)

Eit skjørt egg skal ut på eit farefullt oppdrag: Det må overleve eit fall frå stor høgd utan å sprekke. De er ingeniørane som må redde det! Med enkle materiale og kreative løysingar skal de verne egget.

Utstyr:

  • Maizena (maisstivelse)
  • skeier
  • vatn
  • ziplock-posar
  • ulike støytdemparar, til dømes papp, svamp, bobleplast, ballongar, bomull, stoffrestar, isoporbitar
  • teip og hyssing

Dette er lærarrettleiinga til forskarsprinten. Her finn du elevsida.

Introduksjon og oppdragstrening

Start med gjetting: Kor høgt trur de eit egg kan sleppast frå utan å knuse?

1. Legg eit egg i ein ziplock-pose.
2. Slepp det frå 5 centimeters høgd.
3. Auk høgda med 5 cm til det knuser.
4. Noter kva høgd egga tolte.

Test oblek, eit spesielt “supermateriale”

Før de startar oppdraget, skal de teste eit spesielt stoff som kan verne egget mot harde støytar. Oblek er ei blanding av maisstivelse og vatn som er mjuk når vi rører sakte, men hard når vi slår raskt på ho. Dette blir kalla skjerfortjukking som også har vorte testa i skotsikre vestar! 

Oppskrift på oblek:

  • ein pakke Maizena
  • skei
  • litt vatn
  1. Tøm maizenamelet i ein bolle.
  2. Tilset vatn litt og litt medan du rører.
  3. Røyr sakte. Obleken skal flyte som ei væske når du rører sakte, men kjennast hard ved raske rørsler.

Tips: Får du i for mykje vatn, sett til meir Maizena.

Test:

  1. Røyr sakte. Kva skjer?
  2. Slå hardt i oblek. Kva skjer no?
  3. Klem litt i handa og slipp den. Korleis endrar ho seg?

Hovudoppdrag: Lag vernet til egget

Utstyr til kvar gruppe:

  • to rå egg
  • to ziplock-posar
  • støytdemping: oblek, papp, svamp, bobleplast, ballongar, bomull, stoffrestar, isoporbitar eller noko anna tilgjengeleg

Reglar:

  1. Vernet skal vere mogleg å ta av, slik at de kan sjå om egget har overlevd.
  2. Kvar gruppe skal lage og teste to ulike vern.
  3. Kvart vern kan berre lagast av éin type materiale om gongen.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 august 2025, 14:30 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.