Gladmelding til åkeren
På ein gard i Gjerdrum testar bonden Asbjørn ein heilt ny type teknologi laga av norske forskarar. Traktoren hans har fått ein superhjerne som kan sjå forskjell på korn og ugras. Med den kan bøndene dyrke meir mat til oss utan å skade miljøet.
Ugras er plantar som veks der bonden eigentleg ikkje vil ha dei. Dei kan stele lys, vatn og næring frå plantane bonden vil dyrke. For å få gode avlingar må bønder derfor sprøyte åkrane med sprøytemiddel som er giftige for ugraset.
Men for mykje sprøytemiddel kan skade naturen, dyra og helsa vår. Derfor prøver forskarane å finne smarte måtar å både ta vare på plantane bonden dyrkar og naturen.
Ein traktor som ser forskjell på ugras og korn
EcoPatch heiter denne superhjernen som bruker kamera og kunstig intelligens for å finne nøyaktig kor ugraset veks. EcoPatch er laga av Dimensions Agri Technologies og forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi.
I staden for å sprøyte heile åkeren, sprøytar traktoren berre der det faktisk er ugras. Det betyr at bonden bruker mindre sprøytemiddel og plantane får vekse friare.
– Vi bruker nesten halvparten så mykje sprøytemiddel som før, fortel Kristian Kaurstad Morthen, som leier Dimensions Agri Technologies. Han fortel også at bønder som har testa dette, har fått betre avlingar og mindre skadar på naturen sin.
Bonden som hjelper forskarane
Asbjørn Dahle er både bonde og ingeniør. Han liker å prøve ny teknologi og har vore med på å teste EcoPatch.
– Eg synest det er spennande å bruke teknologi som kan hjelpe miljøet og spare pengar samtidig, seier Asbjørn.
Forsking gjer teknologien endå betre
Forskarane har lært mykje om korleis ugras veks gjennom året. No kan maskina lære seg å kjenne igjen ulike typar ugras, både dei som må bort og dei som kan stå igjen.
Eit dataprogram ser på bilete frå åkeren og finn ut kva plantar som er ugras og kva for nokre av dei som skal få stå i fred.
EcoPatch kan i framtida hjelpe bønder med å bruke akkurat passe med sprøytemiddel, gjødsel og såkorn. Det håpar dei kan bety mindre forureining, friskare jord og meir mat på same plass.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 5 november 2025, 12:28 CET