Kvifor smeltar isen i Antarktis?

Heilt nedst på jordkloden ligg Antarktis. Dette er eit gigantisk isrike der vinden nesten alltid uler og snøen aldri smeltar heilt bort. Men no har nokre forskarar oppdaga noko som gjer dei ekstra nysgjerrige: Isen smeltar raskare enn før.

Her ser vi forskarar som sjekkar at instrumenta dei bruker til å måle havtemperatur og havstraumar under isen verkar som dei skal. (Foto: Sven Lidström, Norsk polarinstitutt)

Korleis kan det skje på ein av dei kaldaste stadene i verda?

Havet rundt Antarktis blir varmare og varmare. Når det varme vatnet pressar seg inn under dei store isbreane, byrjar isen å smelte nedanfrå. Tenk på korleis det er når ein isbit smeltar i eit glas med veldig varmt vatn. Plutseleg løyser enorme isblokker seg frå isfjella og rasar ut i havet. Dette er eit tydeleg teikn på at Antarktis no er i rask endring.

For å finne ut meir om denne raske issmeltinga, dreg forskarar gjennom snøstormar og over isdekte hav med båtar og måleinstrument. Satellittar følgjer med frå rommet og sender data tilbake til dei.

Kor fort smeltar isen? Kor varmt er vatnet? Kor langt kan dette gå?

Det forskarane oppdagar, er viktig for oss alle

Når isen i Antarktis smeltar, renn han ut i havet og gjer at vasstanden stig. Då kan strender, hus og vegar langs kysten bli overflødde. Stormar kan bli kraftigare, og dyr som pingvinar og selar kan miste plassane der dei lever og får ungar. Mange menneske kan måtte flytte, og nokre stader kan det bli vanskelegare å dyrke mat.

Derfor prøver forskarane å forstå kva som skjer no, slik at vi kan ta betre vare på jorda seinare. Jo meir dei lærer, jo større sjanse har vi for å stoppe dei verste konsekvensane.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 12 desember 2025, 12:43 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.