Kva er best for miljøet av kjøtt- eller planteburgar?
Du har sikkert sett at det er mange ulike slags burgarar i matbutikken: biffburgarar, erteburgarar, soyaburgarar, til og med insektburgarar! Folk seier ofte at plantebaserte burgarar er betre for miljøet. Men kvifor er det slik? Og er det alltid sant?
Av Yeqing Zhang , Silvan Goldenberg og Francesca Verones
For å dyrke mat treng vi land. Ofte blir skogar hogde ned for å gi plass til gardar og åkrar. Ulike matvarer krev ulik storleik på landet. Vanlegvis krev kjøtt, altså dyr, meir jordbruksareal enn andre ting vi har på gardane våre. Kvifor er det slik?
Når saka er biff
La oss ta biff, som kjem frå kyr, som eit døme. Kyr må ete mykje plantar. Dyrking av plantar krev store landområde. Kyr gjer likevel ikkje om all denne planteenergien til kjøtt. Dei bruker han også til å gå, halde seg varme og til å puste.
Berre ein liten del av det kyr et blir til kjøtt på tallerkenen vår. Dette betyr at produksjon av biff ikkje er særleg effektiv. Det betyr også at vi treng mange gardar for å fø menneske. Men når vi bruker mykje land, har ville dyr og plantar ingen stader å ta vegen. Mange av dei byrjar dermed å forsvinne.
Biologisk mangfald – ein familie av artar
Når artar byrjar å forsvinne, påverkar dette det som blir kalla «biologisk mangfald». Biologisk mangfald er som ein stor familie kor mange ulike dyr og plantar lever saman.
Når vi ryddar skogane, mistar til dømes dyra og plantane som budde der heimane sine. Viss artar ikkje har nokon annan stad å gjere av seg, kan dei bli utrydda. Utrydding betyr at ein dyre- eller planteart forsvinn for alltid fordi det ikkje er nokon igjen i live.
Når ein art er utrydda, kan han aldri komme tilbake. Derfor er det lurt å verne levande vesen før dette skjer. Og det betyr også at vi må tenkje nytt om kva vi et.
Så kvifor et vi ikkje plantane direkte, til dømes burgarar baserte på erter eller soya? Ville ikkje dette gi meir land til det «biologiske mangfaldet»?
Samanlikning av burgarar
Nokre forskarar har samanlikna ulike burgarar frå matbutikken. Kvar type burgar har ein hovudingrediens: Biffburgarar er laga av kjøttdeig, erteburgarar er laga av erteprotein, soyaburgarar er laga av soyaprotein, insektburgarar av oppmåla mjølormar og soppburgarar av ein hurtigveksande type sopp.
I tillegg til desse hovudingrediensane inneheld burgarar også mindre «hjelpeingrediensar», som til dømes kokosnøttolje, rapsolje og potetstivelse.
Desse ingrediensane forbetrar utsjånaden og smaken på burgaren, og dei gjer at burgaren held seg saftig.
Forskarane undersøkte så kvar desse ingrediensane vart dyrka og kvar dei kjem frå. Dette tenkte dei at kanskje kunne gi oss svar på kor biologisk mangfald faktisk blir skadd.
Tabellen her viser om dei ulike burgarane er gode eller dårlege for dyr og plantar. Tyskland er brukt som døme. Jo lenger stolpen strekkjer seg mot høgre, jo meir skade påfører burgarproduksjonen naturen. Overraskande nok kan nokre plantebaserte burgarar, slik som erteburgaren, skade naturen meir enn du skulle tru!
Grunnen til at det er slik, er ikkje ertene i seg sjølve, men ein ingrediens som skjuler seg i oppskrifta, nemleg kokosnøttolje. Sjølv ei lita mengd kokosnøttolje kan ha stor innverknad på resultatet.
Dette kjem av at kokosnøtter veks i regnskogområde langt borte. I regnskogen bur det svært mange artar og han er heim for mange dyr eller plantar som berre lever på éin spesiell stad på jorda og ingen andre stader.
Dersom denne staden blir endra eller blir øydelagd, kan artane vere i fare fordi dei ikkje har nokon annan stad å dra til. Så når regnskogar blir rydda for å gi plass til kokosnøttplantasjar, går mange andre dyr og plantar tapt.
Kva kan vi gjere?
Det er gøy å smake på ulike burgarar, men det er endå kulare å vite kvar ingrediensane kjem frå.
Neste gong du et ein burgar, sjå på ingredienslista og tenk litt på om akkurat denne burgaren kunne vore meir miljøvennleg?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 16 januar 2026, 10:54 CET