Kan vi stole på at musikken er laga av menneske?

Tenk deg at du set på ein song frå spelelista di. Du nynnar med, kanskje dansar du litt òg. Men kva om songen ikkje er laga av eit band eller ein artist, men av ei datamaskin?

ung kvinne med mørkt hår synger i en mikrofon på en scene
Artisten ARY (Foto: Wikipedia)

For berre nokre år sidan testa artisten ARY og forskarar frå Universitetet i Oslo nettopp dette. Dei ville finne ut om kunstig intelligens (KI) kunne lage ein ny song basert på ARYs musikk og tekstar.

Korleis laga dei songen?

Forskarane brukte maskinlæring, ein metode der datamaskina lærer av døme. Dei mata KI-en med 20 av ARYs songar. Eigentleg er det litt lite materiale for at ei maskin skal lære seg ein musikalsk stil, og dei hadde berre éin månad på seg til å trene KI-en. Til samanlikning trenar ein ofte eit KI-verktøy i over eitt år for å få best mogleg resultat.

For å skrive teksten fekk ikkje KI-en nok materiale berre frå ARYs låt. Då vart han «fora» med meir tekst frå andre artistar i same sjanger, og til og med tweetar frå Donald Trump (!) fordi ein av ARYs songar hadde politiske tema. Resultatet vart nokre rare tekstar, mellom anna fordi ARY ikkje alltid bruker rim. Maskina klarte derfor ikkje å finne eit tydeleg mønster. Ei anna utfordring var at KI-en nesten kopierte ein av ARYs eksisterande songar direkte.

Forskarane forklarer at maskinlæring ofte fungerer litt som eit barn som prøver å etterlikne vaksne. Av og til blir det likt, andre gonger veldig rart.

Frå eksperiment til røyndom

Då ARY-prosjektet vart gjort, var KI-musikk mest ein eksperimentell idé. I dag ser vi at KI blir brukt aktivt til å lage songar som hamnar rett inn på spelelistene våre, utan at vi alltid veit om det.

Eit ferskt døme er bandet The Velvet Sundown. På kort tid har dei fått nesten ein halv million månadlege lyttarar på Spotify. Men ingen har funne bevis for at medlemmene faktisk finst. Profilbileta ser ut til å vere KI-genererte, og på Instagram er det rare detaljar som gitaristar med for mange eller for få fingre, i tillegg til mikrofonkablar som forsvinn i lause lufta.

Musikken deira liknar på kjende songar frå verkelege band. Nokre titlar er tydelege variantar av gamle hittar. Likevel ligg låtane deira i populære spelelister som «Good Mornings» og «Rainy Days Music».

Dette viser at vi ikkje lenger alltid kan vere sikre på kven, eller kva, som står bak musikken vi høyrer.

Kan KI lage musikk som berører oss?

Forskarane og ARY snakka også om eit stort spørsmål: Kan ei datamaskin lage musikk som verkeleg gir oss kjensler? Vi menneske har kropp, puls

og kjensler, og det påverkar korleis vi opplever musikk. Kan ei maskin få til det same?

Alexander Refsum Jensenius, professor i musikkteknologi ved Universitetet i Oslo, fortalde at mykje av det å lage god kunst handlar om å lage noko uventa, noko som treffer menneske. Han trur det framleis må vere menneske med i prosessen.

Andre KI-metodar

I tillegg til maskinlæring finst ein metode som heiter evolusjonslæring. I staden for å lage éin ferdig song, kan denne metoden skape musikk som stadig forandrar seg, og han kan tilpassast den som lyttar. Kanskje kan du i framtida ha ein song som endrar seg etter humøret ditt?

Stemmer til sals?

ARY lurte også på om ho ein dag kunne selje stemma si som ein «plug-in» som andre kan bruke i songane sine. Forskarane trur det kan bli mogleg, men det er teknisk vanskeleg, krev mykje energi, noko som reiser både etiske og juridiske spørsmål.

Tryggleik i musikkverda

Temaet for Forskingsdagane i år er tryggleik. Før kunne vi vere ganske sikre på at musikken vi høyrde var laga av menneske. No er det ikkje alltid så lett å vite. Vi må lære oss å stille spørsmål som: Kven står eigentleg bak songen vi høyrer? Og speler det noka rolle for oss om det er eit menneske eller ei maskin som står bak?

Forslag til spørsmål og punkt for samtale om KI og musikk

(Basert på filmen der ARY snakkar med forskarane Jensenius og Monstad.)

  1. Korleis jobba dei med å lage ARY-songen og kvifor vart resultatet som det vart?
  2. Kva er maskinlæring og kvifor kan ho stundom gi rare eller repeterande resultat?
  3. Kva problem møtte forskarane då KI-en skulle lage songtekstane?
  4. Kva er såkalla underfitting og overfitting – og korleis påverkar det resultatet?
  5. Korleis kan artistar bruke KI i dag til å få idear eller lage melodiar?
  6. Kan ei maskin lage musikk som verkeleg gir menneske kjensler?
  7. Kva er evolusjonslæring og korleis kan dette brukast til musikk som tilpassar seg den som lyttar?
  8. Kan stemmer bli «selde» i framtida og kva for nokre etiske spørsmål reiser det?

Nysgjerrigper-spørsmål til klassen

  • Korleis trur du ei datamaskin kan lære å lage musikk?
  • Spelar det noka rolle for deg om musikken er laga av eit menneske eller ei maskin?
  • Kva betyr tryggleik når vi snakkar om musikk og kunst?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 august 2025, 11:20 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.