Nysgjerrigper og energi
Velkommen til energiveke og Forskingsdagane 2023 frå Nysgjerrigper! Nysgjerrigper har i år utvikla eit komplett undervisningsopplegg om energi for 1.–7. trinn. Her får du alt du treng for ei inspirerande og lærerik veke. Materiellet finst på bokmål og nynorsk. Vel materiell på bokmål oppe til høgre.
Ulike energiformar
Vi knyter ofte energi til elektrisk straum, men det finst så mange typar energi: Strålingsenergi, rørsleenergi, kjemisk energi, varmeenergi, elektrisk energi og kjerneenergi.
Lær om dei ulike energiformaneMeld deg på!
Siste frist for å bestille energiplakat var onsdag 13. september.
Du treng ikkje melde deg på for å bruke læringsmateriellet vårt, men om du gjer det vil du få inspirerande informasjon frå oss seinare.
“Tilbakemeldinga frå alle lærarane på huset var at det var eit skikkeleg gøy og variert opplegg som alle fekk ta del i større eller mindre grad. Det flotte med dette opplegget, er at det er lett å gjennomføre, enkelt å ta tak i og glir rett inn i den nye læreplanen.
Lise Solbakken Jørgensen, kontaktlærer for 6. trinn ved Sjøskogen skole
Teikn ein energiforskar
Det er mange forskarar som forskar på energi. Korleis trur du ein energiforskar ser ut? Korleis trur du det ser ut der ein energiforskar jobbar? Bli med på teiknekonkurranse!
Bli med!