Supersåpebobler

Forsk deg fram til din eigen supersåpeboblemiks. Kor store bobler klarer du å lage?

Det er gøy og ganske lett å lage sin eigen såpeboblemiks. For å få til dei flottaste supersåpeboblene må du likevel jobbe litt for å finne den perfekte blandinga.

Jente lager stor såpeboble

Lag såpeboblemiksen

Vatnet du bruker i miksen, og kor fuktig det er i lufta rundt deg, vil ha noko å seie for kor store og solide såpeboblene blir. Det er derfor lurt å prøve seg fram for å finne den perfekte mengda av kvar ingrediens.

Du treng:

  • 1 dl vatn (prøv regnvatn for det er "blautare" enn vatnet i springen)
  • 5 teskeier Zalo
  • 2 teskeier glyserol (blir fått kjøpt på apotek)
  • 1 teskei sukker
  • konditorfarge (om du vil setje farge på boblene)

For kvar blanding du lagar, kan du skrive ned kor mykje du har brukt av kvar ingrediens. Då blir det enklare å halde styr på kva som gjer blandinga bra eller dårleg. 

Illustrasjon av en som blåser en såpeboble
Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Lag ein såpeboblemakar

Du treng også ein reiskap som du kan lage såpeboblene med. For å få til store og fine bobler kan du lage din eigen såpeboblemakar.

Slik gjer du:

  1. Form ein bit ståltråd til ein ring og tvinn endene til eit handtak. Denne ringen kan vere så stor som du ønskjer, men hugs at du må kunne dyppe heile ringen i boblemiksen.
  2. For å få til ein ekstra bra såpeboblemakar kan du tvinne hyssing rundt ståltråden. Då vil han suge til seg ekstra mykje såpe.

Med ein god såpeboblemakar, den rette såpeboblemiksen og fine forhold kan du lage store og fargerike bobler.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 mai 2025, 21:53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.