Kvifor blir lilla farge brukt i så få flagg i verda?

Har du lagt merke til at nokre fargar er vanlege i flagg, medan andre nesten ikkje blir brukte? Raudt, kvitt og blått finst i mange land sine flagg, men lilla er nesten aldri brukt. Faktisk er det berre fire land i heile verda som har lilla med i nasjonalflagget sitt.

Nærbilde av flagget til Nicaragua
Bilete: Shutterstock

I denne oppgåva skal du utforske kvifor det er slik. Kanskje handlar det om tradisjonar, kanskje om kultur, eller kanskje finst det ei historisk forklaring?

Slik gjer du det

  1. Du skal byrje med å lage dine eigne hypotesar, altså forslag til kva du trur kan vere grunnen. Skriv minst fem ulike hypotesar/trusvar på kva de trur er grunnen til dette?
  2. Deretter skal du samanlikne tankane dine med ein læringsvenn. Har de tenkt likt, eller kjem de på heilt ulike idear? Sett blå strek under dei hypotesane de begge har laga. Skriv opp dei hypotesane som læringsvennen din har laga, og som du ikkje hadde på lista di. 
  3. Til slutt skal de diskutere og bli samde om kva forklaring de trur er mest sannsynleg. Har de nokon like hypotesar? Snakk saman med læringsvennen din og bli samde om kva hypotese de trur er det rette svaret. 

Oppgåva handlar ikkje om å finne det rette svaret med ein gong, men om å bruke nysgjerrigheit, logisk tenking og samarbeid for å utforske eit spennande og litt mystisk spørsmål.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 april 2025, 11:11 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.