Mattegrublerier 2-17
1
Kari skal teikne eit linjestykke frå eitt
punkt i sirkelen til annakvart punkt.
Ho har alt teikna dei to første linjestykka. Sjå bildet til høgre. Ho vil
stoppe å teikne når ho er tilbake til
punkt nummer 1.
Kva for ein figur får ho?
2
Nina skreiv eit tosifra tal.
Ho gonga dei to siffera
med kvarandre og fekk
15 til svar. Så la ho saman
dei to siffera.
Kva for eit svar fekk ho då?
a) 3 b) 4 c) 5 d) 7 e) 8
3
Johanne brukte 27 grå
eller kvite små kubar til
å byggje ein stor kube.
Ingen av dei små kubane som ligg ved sida av
kvar-andre i den store
kuben, har same farge.
Kor mange små kvite kubar brukte Johanne
for å byggje den store kuben?
a) 10 b) 12 c) 13 d) 14 e) 15
4
Stian hadde ein tiar, ein femmar og eit kronestykke. Han kjøpte ei vare og måtte veksle.
Kva kosta denne vara?
a) 6 kroner
b) 8 kroner
c) 11 kroner
d) 15 kroner
e) 16 krone
5
Ti kort nummererte frå 0 til 9 låg på eit bord. Jon trekte
tre kort, George fire og Ann tre. Jon gonga tala på korta
sine med kvarandre. Det same gjorde Ann og George.
Jon fekk då 0, George fekk 72 og Ann fekk 90. Jon legg
saman tala sine.
Kva for eit tal får Jon då?
a) 11 b) 12 c) 13 d) 14 e) 15
6
Bente byggjer større
og større kvadrat av
fyrstikker ved at ho
legg til fyrstikker til
dei kvadrata ho alt
har bygd. Sjå bildet.
Kor mange fyrstikker må ho leggje til figur nr. 30
for å byggje figur nr. 31?
a) 124 b) 148 c) 180 d) 242 e) 254
Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. april 2025, kl. 09.47 CEST