Mattegrublerier 1-18

Last ned Mattegrublerier 1-18

 

1

Sofie har lese ei lita bok. Ho skriv opp alle sidetala 
i ei lang rekkje: 1, 2, 3, 4 … 
Då ho er ferdig, har ho skrive 35 siffer. 

En blond jente som leser en blå bok.

Kor mange sider er det i boka hennar?
a) 10     b) 22     c) 25     d) 28     e) 45

 

2

Vi har seks kort, og på kvart av korta er det skrive 
eit tal. 

 

Seks kort med hvert sitt tall. 309, 41, 5, 7, 68, 2.

Kva er det største talet vi kan lage ved å leggje 
alle korta etter kvarandre? 
a) 9 876 543 210      b) 4 130 975 682     c) 3 097 568 241
d) 7 685 413 092      e) 7 568 413 092

 

3

På ein gard er det ti høner. Fem høner legg egg kvar
dag, mens dei andre legg egg annankvar dag. 

Kor mange egg legg hønene til saman i løpet av ti dagar?

a) 75     b) 60     c) 50     d) 25     e) 10

 

4

Ein 15 dm lang trestokk skal kuttast opp. 
Det er om å gjere å få flest mogleg bitar, 
men alle bitane skal ha forskjellige lengder. 
Lengdene på bitane skal vere heile desimeter. 

Kor mange gonger må du kutte trestokken? 
a) 4     b) 5     c) 6     d) 7     e) 15

 

5

Biletet viser eit prikkete papir. Avstanden mellom 
prikkane, både vassrett og loddrett, er lik. Prikkane 
skal vere hjørne i kvadrat.

Et rutenett laget av små prikker, det er 4x4 prikker langs høyden og bredden.

Kor mange kvadrat med forskjellig størrelse 
er det mogleg å lage? 
a) 2     b) 3     c) 4     d) 5     e) 6

 

6

I Bakkegata er det ni hus ved sida av kvarandre. 
Det bur minst éin person i kvart hus. I to hus som 
ligg inntil kvarandre, bur det ikkje meir enn seks 
personar til saman


Kor mange personar kan det maksimalt 
bu i Bakkegata?
a) 23     b) 25     c) 27     d) 29     e) 31

Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. april 2025, kl. 09.40 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.