Kokkesprell for 6. trinn

Bli med på ein spennande oppskriftskonkurranse!

Vinnarane av Kokkesprell for skoleåret 2021/22. Foto: Studio Dreyer + Hensley

Kokkesprell er ein leiken sjømatkonkurranse der elevane står for oppskriftene. I mat- og helsefaget (6. trinn) komponerer elevane sine eigne rettar med sjømat. Rettane blir stemde over på skulen, og vinnaroppskrifta til klassen blir send inn til Fiskesprell.

Det blir gitt ei eiga stønad til råvarer på 40 kroner per elev som skal gå til innkjøp av råvarer til dei skulane som leverer bidrag til Kokkesprell. Midla blir refunderte i etterkant av at læraren har sendt inn bidraget. Desse midla kjem i tillegg til Fiskesprell si stønad på 40 kroner per elev til innkjøp av sjømat i undervisninga. 

Vinnarklassane får 10.000 kroner til klassekassen og eit besøk frå Fiskesprell. Dei tar med seg dei herlegaste råvarene og ein dyktig kokk, og saman med elevane steller dei i stand ein sjømatfest for elevar, lærarar og foreldre. Sjømatfavoritten til klassen står sjølvsagt på menyen, laga av elevane sjølv under leiing av kokken! Festen vil bli arrangert i samarbeid med skulen.

Det er lett å komma i gang! I ressursbanken finn du mange elevark og ei lærarrettleiing som gjer det enkelt å gjennomføra Kokkesprell.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4 mai 2024, 01:38 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.