Lesekroken: Ulike måtar å forklare ord på

I artikkelen "Menneskets eldste venn" er nokre omgrep framheva og forklarte. Her får du tips til korleis du kan la elevane jobbe med ordforklaringar.

Nysgjerrigper-bladet 4-2020 med tilhørende oppgaver mot turkis bakgrunn
Teksten om hunder er fra Nysgjerrigper nr. 4-2020.

Last ned materiellet til utskrift:

Lærarrettleiing

I artikkelen "Menneskets eldste venn?" er tre omgrep framheva og forklarte i teksten. Desse står i sirklar på turkis bakgrunn. Dei tre omgrepa er arktiske strøk, Sibir og kryssavl. Alle tre er sentrale for å få med seg innhaldet i artikkelen. Det er fleire måtar å forklare ord på. I desse døma er det gjort på tre forskjellige måtar. 

1: Definisjon med forklaringar

I beskrivinga av omgrepet arktiske strøk står det fyrst område langt nord i verda, rundt Nordpolen. Her er arktisk forklart med langt nord i verda, rundt Nordpolen.

arktisk = langt nord i verda, rundt Nordpolen

Strøk er forklart med eit synonym, eit ord som tyder omtrent det same, område

strøk = område

2: Synonym på heile omgrepet

I framhaldet av forklaringa står også kalla Arktis. Arktiske strøk er det same som Arktis (noko ein høyrer av at orda er nesten like)

arktiske strøk = Arktis

3: Skrive ei setning med omgrepet

I beskriving av Sibir står det i den andre setninga: Dei nordlegaste delane av Sibir ligg i arktiske strøk. Her nyttar ein ordet Sibir i ei setning der tydinga også kjem godt fram. Det er ein god måte å syne kva ordet tyder.

Jobb saman i klassen med den fyrste ordforklaringa, med arktiske strøk. Prøv å jobbe utforskande med at elevane sjølve skal sjå korleis ordet er forklart. Ikkje gje dei svaret med ein gong. Sjå deretter på Sibir. Kjenner dei igjen noko frå korleis det fyrste omgrepet blei forklart?

La elevane jobbe saman i grupper med den siste ordforklaringa, med ordet kryssavl. Korleis er ordet forklart her, med måte ein, to eller tre?

Svar:

1: Kryssavl = det å la to ulike rasar få ungar saman (i håp om at avkommet skal arve ulike gode eigenskapar frå foreldra). På førehand veit vi at avl = å få ungar saman, og å krysse er å pare to ulike rasar, altså er kryss = to ulike rasar. Siste del av setninga er ei grunngjeving for kryssavl.

3: Siste setning, Gjennom kryssavl av hundar kan ein skape heilt nye hunderasar, er eit døme på ei god setning der ein nyttar orde kryssavl. Ho inneheld ikkje ei forklaring.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 17:05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.