Lesekroken: Memory med ord frå teksten

Artikkelen "Kan du bli best utan blodsmak?" handlar om forsking på ungdom og kondisjon. Her blir det nytta ein del fagomgrep som kan vere vanskelege å forstå. I denne Lesekroken får elevane spele memory for å jobbe med desse orda.

Gutt løper på tredemølle på forskningslaboratorium
Artikkelen handlar om Jesper (12) som er med på eit forskingsprosjekt på Noregs idrettshøgskole. Foto: Thomas Keilman, illustrasjon: Tank.no

Last ned materiellet til utskrift:

Lærarrettleiing

I artikkelen er det ein del fagomgrep som blir nytta, til dømes kondisjon. For å forstå artikkelen er det avgjerande at ein forstår desse orda. Ein måte å jobbe med dette på er å spele memory, med både ord og forklaringar frå teksten.

I eit memoryspel er det skrive ord eller forklaringar på den eine sida av eit kort. Den andre sida er blank. Det kan vere med frå to til fire spelarar. Ein startar med å leggje korta på eit bord med baksida opp, så ingen av korta ligg over kvarandre. Den fyrste spelaren skal ta opp to kort og finne ut om dei to høyrer saman. Om korta ikkje er eit par, må spelaren leggje begge to tilbake, med baksida opp. Så skal nestemann prøve. Om ein finn eit par, får ein behalde det og får ein ny sjanse.

Det krevjande med denne memoryvarianten er at elevane sjølve må finne ut om ord og forklaring passar saman. Svaret finn dei i artikkelen "Kan du bli best utan blod- smak?". Det er forklaringane herifrå som er nytta. Det er også gjort litt vanskeleg ved at forklaringa på korta ikkje er formulert nøyaktig som i teksten. Det er for å jobbe med forståing, ikkje berre å søkjelese etter spesifikke ord. Spelaren må difor bevise at dei to korta høyrar saman, ved å syne kor forklaringa står i artikkelen.

Tips: Skriv gjerne ut memoryspelet på farga ark, så elevane ikkje kan sjå teksten gjennom papiret.

Fasit memory

Elektrode Noko som kan føre elektriske signal frå til dømes kroppen til ein maskin
Kondisjon Kor mykje oksygen ein kan puste inn og frakte til musklane
Kontrollgruppe Personar som blir testa, men ikkje gjer spesielle ting som forskarane ber dei om.
Dei skal vere som dei plar vere.
Tredemølle Løpemaskin
Typisk kondisjonstrening Lange løpeturar, intervall og stafett
Typiske kondisjonsidrettar Langrenn, fotball og handball
Ungdomstid 12–15 år

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. april 2024, kl. 06:30 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.