Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Sjuåring fann merkeleg dinosaur"

Ei overskrift skal gi eit hint om kva teksten handlar om. Elevane skal ut frå ei overskrift dikte opp kva dei trur står i artikkelen.

Artikkelen om merkeleg dinosaur er henta frå Nysgjerrigper nr. 1-2016.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Alternative overskrifter

Er overskrifta god, bør ho setje i gang tankane hos lesaren, så forkunnskapar kjem opp automatisk. Nokre overskrifter seier så mykje at ein nesten kan gjette seg til kva som står i teksten. Det er tilfellet når det gjeld artikkelen "Sjuåring fann merkeleg dinosaur". Desse fire orda gir lesarane nok informasjon til å kunne gjette kva dei kjem til å lese.

  • "Sjuåring" betyr at artikkelen handlar om eit barn som truleg har gjort noko uvanleg til sjuåring å vere.
  • "Fann" inneber at dette barnet kanskje har leita etter eller snubla over noko
    interessant.
  • "Merkeleg" tyder at denne artikkelen handlar om noko utanom det vanlege.
  • "Dinosaur" vil seie at det handlar om noko utgammalt, eit forhistorisk dyr.

Elevane skal ut frå overskrifta dikte opp kva dei trur står i artikkelen. For å gjere det meir spennande, og for å sjå kor mykje dei kan dikte opp riktig berre ut frå overskrifta, er det laga to andre overskrifter som kunne ha tilhøyrt artikkelen.

NB. Jobb fyrst saman med denne overskrifta (de skal jobbe med tre overskrifter før elevane les i bladet): "Diego gir namn til nyoppdaga dinosaur"

Modeller korleis ein kan gjette seg til innhaldet i ein artikkel med denne overskrifta.

Eksempel: "Den kjente forskaren Diego har nyleg oppdaga ein heilt ny dinosaurart. Av di funnet er så spesielt, og forskaren har gjort ein så imponerande innsats, har dinosauren fått namnet sitt etter forskaren: Diegosaurus."

La elevane jobbe vidare med oppgåve 1 og desse to overskriftene før dei får bladet og Lesekroken:

"Vegetarianar-slektning til Tyrnnosaurus rex oppdaga"

"Sjuåring fann merkeleg dinosaur"

Etter at elevane har delt dei oppdikta munnlege fagtekstane, kan dei sjå i bladet og finne overskrifta som er brukt.

Fasit leitekryss: Planteetar

Elevoppgåver

1. Finn på innhaldet ut frå overskrifta

Jobb saman to og to, A og B. Fortel munnleg.

a. A finn på innhaldet i artikkelen med overskrifta: "Vegetarianar-slektning til Tyrannosaurus rex oppdaga"

b. B finn på innhaldet i artikkelen med overskrifta: "Sjuåring fann merkeleg
dinosaur"

c. Slå opp på side 20–21 (se Nysgjerrigper-magasinet i høyre kolonne) for å finne overskrifta som er nytta.

2. Leitekryss

Orda står vassrett og loddrett.

a. Finn og ring rundt orda frå lista under i leitekrysset.

b. Finn og marker orda i artikkelen også.

c. Kva for eit ord finn du ikkje i leitekrysset, men i artikkelen?

ARTENE GEOLOGAR PLANTEETAR
CHILE KJEVANE STEINAR
DIEGO KJØTTETAREN TENNENE
DINOSAUR KNOKLAR  
FORSKAR PASSAR  

3. Detektivlesing

a. Korleis er tennene til ein planteetar?

b. Kva grensar Chile til i nord, aust, sør og vest?

c. Kva kan du seie om naturen i Chile?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 00:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.