Lesekroken: Undervisningsopplegg til "La humla suse"

Ein tekst med mange fagord kan gjere lesinga vanskeleg. I denne artikkelen om humler skal elevane jobbe med å finne forklaringa på fagorda.

Artikkelen om humla er henta frå Nysgjerrigper nr. 3-2016.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Finn ordforklaringa i teksten

Ei utfordring med å forstå fagtekstar er dei mange fagorda. Vi skil gjerne mellom generelle og spesifikke fagord. Dei generelle fagorda er vanlege i mange sakprosatekstar og er ikkje knytte til berre eitt fagområde. I artikkelen finn vi til dømes ord som dyrke, art og matproduksjon. Desse orda reknar ein gjerne med er kjende, fordi dei blir nytta i ulike samanhengar. Men det er ofte desse orda som skapar problem for elevane, og som er nyttige å lære seg.

Som lærar bør du vere merksam på dei generelle fagorda, stoppe opp og høyre om elevane kan forklare dei. Dette gjeld særleg om dei er viktige i samanhengen.

Her skal vi sjå nærare på dei spesifikke fagorda som gjerne er knytte til eit spesielt fagfelt. Desse orda reknar ein ikkje med må vere kjende, og difor blir dei stundom forklarte i teksten.

I artikkelen finn vi ord som pollinering med ei forklaring rett etter: altså korleis humler spreier pollenkorn slik at blomane blir befrukta og dannar frø. Denne sakteksten forklarer ofte orda, og eignar seg difor for elevar som skal trene på å finne forklaringa i teksten.

Vis for elevane korleis dei kan finne ordet pollinering og så leite etter  forklaringa i teksten. Som oftast står forklaringa i setninga rett etter, eller litt før ordet. Om dei blir vande med å leite etter forklaringa i teksten, anten direkte eller på grunn av samanhengen, blir lesinga lettare, og dei treng ikkje spørje læraren så ofte eller slå opp i ei ordbok. Gode fagtekstar gir ofte denne støtta til ordforståing gjennom konteksten.

La gjerne elevane løyse oppgåve 1 – Teikn ei humle – før dei får oppgåvearket og kan sjå bildet av humla.

Elevoppgåver

1. Teikn ei humle

Teikn ei humle i naturleg storleik.

a. Kor stor trur du humla skal vere?

b. Kva for fargar har humla?

c. Kor mange bein og venger trur du humla har?

2. Finn forklaringa i teksten

Orda under er forklarte i artikkelen. Skriv opp forklaringa du finn på følgjande ord.

Eksempel: pollinering – altså korleis humler spreier pollenkorn slik at blomane blir befrukta og dannar frø

a) varmblodig –
b) overvintrar –
c) bol –
d) norske blomar –
e) humlene –

3. Detektivlesing

a. Kor mange bein har humler?

b. Kvifor treng humlene hjelp frå menneska no?

c. Kvifor er pollinering livsviktig for menneska?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 05:51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.