Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Korleis har havet det?"

Eit bilde kan seie meir enn ein tekst. Elevane skal studere bilda i artikkelen og finne mest mogleg informasjon før dei les brødteksten.

Artikkelen om havet er henta frå Nysgjerrigper nr. 2-2016.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Les bilda nøye

Eit særtrekk ved mange naturfaglege tekstar er at mykje av informasjonen finst utanfor brødteksten, det vil seie i bilde, illustrasjonar, diagram og anna. Om ein difor les bilda nøye før ein byrjar med brødteksten, veit ein allereie ein del av det som står der.

Mange elevar har god kompetanse i å lese bilde når dei byrjar på skulen. Dessverre ser det ut til at mange gløymer å halde fram med bildelesing når dei lærer seg å lese bokstavar. Då må dei lære det på nytt, særleg i krevjande tekstar der bilda seier meir enn brødteksten.

Guide elevane til å lese bilda, ved fyrst å få eit overblikk. I denne artikkelen er det eitt hovudbilde med ein stor båt i islagt farvatn, to mindre bilde med eit kart og ein lettbåt, og fleire små vignettbilde som er limte inn her og der. Sjå deretter nøyare på bilda. Still spørsmål for å få fram mest mogleg informasjon.

Hovudbilde av båt i islagt farvatn:
Namn på båten? Kor høg er båten? Korleis er kjølen? Kva for utstyr ser de på båten? Korleis er omgivnadene? Ser de teikn til liv frå menneske eller dyr?

Bilde med kart:
Kva og kor er Nordpolen? Kva for landområde grensar mot Polhavet i Arktis? Kva for namn på kartet er ikkje land? (Nordpolen, Grønland og Svalbard)?Korleis var ruta til forskarskipet?

Bilde med lettbåt:
Kva undersøkjer forskarane? Korleis er dyret fanga? Kva veit du om fuglelivet i polhavet?

Småbilde:
Kva finn du på småbilda? Kor mange armar har sjøstjerner? Kven trur du leiar ekspedisjonen? Kva for type forskarar trur du jobbar på skipet?

Når elevane har studert desse bilda, har dei god ballast til å lese teksten, og dei veit meir enn det som står i brødteksten.

Om de ønskjer å gå vidare med samspel mellom bilde og brødtekst, kan de sjå på desse spørsmåla:

  • Kva for opplysningar finn de både i bilda og i brødteksten?
  • Kva for opplysningar finn de berre i bilda?
  • Kva for opplysningar finn de berre i brødteksten?

Diskuter til slutt korleis ein best kan få med seg alle opplysningane i artikkelen.

Elevoppgåver

1. Les bilda

Leit etter informasjon i bilda. Finn du for eksempel:

a. Namnet på skipet? Storleiken på skipet?

b. Kva for land har grense mot Nordpolen? Korleis var ruta til skipet?

c. Kva forskar dei på frå gummibåten? Korleis fanga dei dyret?

2. Kva for eit ord skal ut?

Jobb saman to og to. I kvar oppgåve er det fire ord, eitt av orda passar ikkje i samanhengen. Finn ordet som ikkje passar, og forklar kvifor nett det ordet skal ut.

a. Noreg, Sverige, Russland, Canada

b. Polhavet, Nordpolen, Arktis, Antarktis

c. Biller, fisk, krabbar, manetar

d. Klima, ferie, for varmt, is

3. Detektivlesing

a. Kor mange er med på ekspedisjonen?

b. Kvifor er det mindre is i Polhavet på hausten?

c. Korleis kan ruta til skipet gå over isen?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. april 2024, kl. 16:32 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.