Musikkintrument
Av Gro Wollebæk, ressurslærer for Nysgjerrigper
Dei første instrumenta
Menneske har i lang tid brukt musikkinstrument for å lage musikk. Dei første instrumenta var svært enkle og laga av materiale som tre, skinn, frøkapslar og dyrebein.
Det eldste musikkinstrumentet vi kjenner til, er fløyter laga av bein frå gåsegribb og mammut. Desse 35 000 år gamle fløytene, vart funne i ei hòle i Tyskland. Fløyta er som eit røyr og har fleire utskorne hol. Ulike melodiar kunne spelast ved å dekkje til eller opne hola med fingrane. Desse fløytene viser at menneske laga musikk lenge før dei byrja å skrive.
Instrument no til dags
I dag finst det fleire ulike instrument. Mange barn spelar i korps eller i orkester, medan nokon lagar eige band eller sit på rommet sitt og spelar for seg sjølv. Det finst kulturskular der du kan lære å spele eit instrument. Kanskje du har fått prøve eitt eller fleire instrument når du har hatt musikk på skulen din?
Grupper av instrument
Musikkinstrument blir delte inn i grupper etter korleis dei lagar lyd
- strengeinstrument: lagar lyd når strengene vibrerer. Som gitar, fiolin og piano
- blåseinstrument: lagar lyd når luft blir blåsen inn og skaper vibrasjon i eit røyr. Som fløyter, klarinett og trompet
- membranofon: lagar lyd ved å slå på ein stram membran laga av skinn eller syntetisk materiale. Som tromme og pauke
- idiofon: lagar lyd når instrumentet blir rista, blir slått eller skrapa på. Som xylofonar og triangel
- elektroniske instrument: lagar lyd ved hjelp av elektrisk straum. Som synthesizer og elektrisk gitar
3-4. trinn
Musikkintrument
Dei første instrumenta
Menneske brukar musikkinstrument til å lage musikk. Dei første musikkinstrumenta var laga av materiale som tre, skinn, frøkapslar og dyrebein.
Det eldste instrumentet vi har funne, er fløyter laga av dyrebein. Dei er funne i ei hòle i Tyskland.
Instrument no for tida
I dag finst det mange ulike instrument. Kanskje du har prøvd nokon av dei i musikktimane på skulen?
Grupper av instrument
Musikkinstrument blir delte inn i grupper etter korleis dei lagar lyd
- strengeinstrument: lagar lyd når strengene vibrerer. Som gitar, fiolin og piano
- blåseinstrument: lagar lyd når luft blir blåsen inn og skaper vibrasjon i eit røyr. Som fløyter, klarinett og trompet
- membranofon: lagar lyd ved å slå på ein stram membran laga av skinn eller syntetisk materiale. Som tromme og pauke
- idiofon: lagar lyd når instrumentet blir rista, blir slått eller skrapa på. Som xylofonar og triangel
- elektroniske instrument: lagar lyd ved hjelp av elektrisk straum. Som synthesizer og elektrisk gitar
1-2. trinn
Musikkintrument
Først kom ei fløyte.
Den var av bein frå dyr.
Det er mange instrument.
Notar viser musikk.
Grupper av instrument
- streng: gitar, fiolin og piano
- blåse: fløyter, klarinett og trompet
- tromme: tromme og pauke
- slå: xylofonar og triangel
- straum: synthesizer og elektrisk gitar
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 13:22 CET