Kvifor lyg folk?

Elevar på 7. trinn ved Eidsvåg skule har undersøkt kvifor folk lyg gjennom spørjeundersøkingar, intervju, ekspertsvar og besøk hos politiet.

Blålys hos politiet seks elever fra Eidsvåg skole foran politibil
Elevane frå Eidsvåg skule i Åsane besøkte politistasjonen i Bergen. Der intervjua dei ein politibetjent. Foto: Anne Kristin Helland

1: Å finne ei problemstilling 

Løgn var berre eitt av temaa elevane på trinnet lurte på. Prosjektperioden starta med ein undringstur til ei lokal strand. I vekene etter heldt trinnet fram med å samle spørsmål. Til slutt valde dei tre problemstillingar å forske vidare på:

  • Kvifor er chili sterkt?
  • Kvifor får vi vondt i auga av bålrøyk?
  • Kvifor lyg folk? 

Elevane valde sjølv kva problemstilling de ville arbeide med og arbeidde i grupper. Kvar gruppe utvikla eigne hypotesar og planla korleis dei skulle finne svar. Her får du høyre om forskinga til elevane som undersøkte kvifor folk lyg. 

2: Hypotesar 

Gruppene skreiv ned kva dei trudde kunne være årsaka til at folk lyg. Her er nokre av hypotesane deira:

  1. Folk lyg fordi det er noko dei ikkje vil at andre skal vite.
  2. Folk lyg for å beskytte seg sjølve.
  3. Folk lyg fordi de ikkje vil såre andre.
  4. Folk lyg for å vere kule.
  5. Folk lyg for å sleppe kjeft. 

3: Planlegging 

For å teste hypotesane bestemte elevane seg for å bruke fleire metodar: 

  • gjennomføre spørjeundersøkingar på 3.–7. trinn
  • intervjue folk i Bergen sentrum
  • sende spørsmål til ein psykolog
  • besøke og intervjue politiet  
  • gjere eit eksperiment
  • søkje etter informasjon på internett  

4: Undersøkingar og resultat 

Spørjeundersøking

93 prosent av elevane som svarte på spørjeundersøkinga sa at dei hadde teke godteri heime utan å seie frå til foreldra. Den vanlegaste grunnen til ikkje å gi beskjed var at dei ikkje ville få kjeft. 

Skjemaer fra Nysgjerrigper undersøkesler
Elevane gjennomførte spørjeundersøkingar på eigen skule. Foto: Birthe Hodnekvam

Intervju i Bergen sentrum og svar frå psykolog 

Elevane intervjua både vaksne og eldre menneske. Dei fann ut at det er ganske vanleg å lyge, særleg såkalla kvite løgner.
 
– Vi fann ut at folk ofte lyg for å unngå negative konsekvensar og for ikkje å såre nokon, seier Hanne.
 
– Dette stemmer med det psykologen skreiv til oss, fortel Georg og Louise.
 
Ifølgje psykologen lyg menneske oftare enn vi trur. Mange gjer det for å unngå problem, for å beskytte seg sjølve eller kjenslene sine eller for å unngå at andre skal tenkje negativt om dei. 

Psykologen fortalde òg at yngre personar ofte lyg meir enn eldre og at skilnaden mellom menn og kvinner er liten.

Kva sa politiet?

Elevane besøkte politistasjonen og intervjua ein politibetjent.
 
– Det var veldig spesielt å få vere i avhøyrsrommet. Politifolka var veldig greie. Dei er jo vanlege menneske dei også, seier Leander.
 
– Eg lærte at folk kan snakke fortare når dei lyg, sier Lilly.
 
Avhøyrsrommet var ikkje som på film, men meir som ei lita stove. Politiet fortalde at dei ikkje brukar løgndetektor, men at det finst nokre teikn som kan gjere dei ekstra merksame. Til dømes kan ein person som ikkje snakkar sant, byrje å snakke fort eller svare raskt tidleg i avhøyret. Når personen seinare snakkar saktare og kanskje ser litt opp i lufta, kan det vere eit teikn på at det som blir sagt er sant. Politiet understreka likevel at dei ikkje kan avsløre ei løgn berre ved å sjå på kroppsspråket. Politiet må sjekke opplysningar frå fleire kjelder for å finne ut kva som er sant.

Eit eksperiment som ikkje gjekk heilt som planlagt 

Elevane ønskte òg å undersøkje om menneske ville lyge for å få ei belønning, til dømes godteri. Dei planla eit forsøk på Torgallmenningen i Bergen.  
 
Men forsøket gjekk ikkje slik dei hadde tenkt. Nokre av deltakarane forsto ikkje kva dei skulle gjere. Dei tok berre imot godteriet utan å svare på spørsmåla og då vart det vanskeleg å samanlikne gruppene. 

Då lærte elevane noko viktig: Når ein forskar på menneske, må alle forstå kva dei skal gjere. Viss ikkje, kan resultata bli usikre.

5: Kva dei fann ut

Elevane oppsummerte kva dei fann ut.
 
– Vi fann ut at dei fleste av hypotesane våre stemde ganske godt. Det vanlegaste er å lyge for å unngå problem, for ikkje å såre nokon og for å bli likt, seier Ludvig. 

Plakat med Pinocchio
Oppsummerande plakat med illustrasjon av Pinocchio. Foto Birthe Hodnekvam

Tips til andre som vil forske på løgn 

Elevane har nokre råd til andre som vil undersøkje kvifor menneske lyg. 

– Dra til ein stad med mykje folk og intervju tilfeldige personar, gjer spørjeundersøking med barn på skulen din og finn på noko gøy å gjere, til dømes eit eksperiment, seier Mina. 

– Og intervju nokon som jobbar med folk, legg Leander til. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 august 2026, 13:46 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.