Elevar i forskarmodus
I klasse 3E på Grefsen skule går både elevane og læraren Alva inn i forskarmodus. Men kva er eigentleg forskarmodus? Det handlar om å stoppe opp, følgje med, undre seg og stille smarte spørsmål, slik forskarar gjer.

For å varme opp forskarhjernen sette 3E i gang med fleire eksperiment. Dei testa mellom anna Nysgjerrigper-eksperimentet Flytande teikningar, der teikningar plutseleg svevar i vatn. De testet også Fastlåst finger, som nesten verkar magisk. Og veit du kva? Når vi først byrjar å undre oss, kjem det fort mange spørsmål.
Etter kvart fylte klasserommet seg med spørsmål frå elevane. Elevane drøfta dei, delte idear mellom seg og laga hypotesar. Saman fann dei ut kva spørsmål som passa å forske på i tredje klasse og det var ikkje dei aller enklaste, men spørsmål dei faktisk kunne undersøkje sjølve.
Då det var tid for å stemme over kva dei ville forske på, oppdaga dei at dei hadde ulike ønskje. Problemstillinga som fekk flest stemmer, fekk faktisk berre åtte! I staden for å velje bort idear, lét Alva elevane jobbe i grupper med problemstillingar dei verkeleg brann for.
Til slutt stod 3E igjen med fire spørsmål dei ville utforske vidare. No skal du få bli kjend med kva elevane i 3E forska på.
Kva vil Grefsen-elevane bli når dei blir store og kvifor?
Forskargruppa jobba ut frå fire hypotesar:
- Vi trur at mange vil bli legar, advokatar, forskarar eller musikarar.
- Vi trur at mange vel same yrke som familien.
- Vi trur at yngre elevar vil bli rike.
- Vi trur at jenter og gutar svarer ulikt.

For å undersøkje hypotesane laga forskarane ei spørjeundersøking. Undersøkinga delte dei ut til éin klasse på kvart trinn på skulen. Til saman svara 140 elevar.
Svara frå alle elevane blei lagde inn i eit Excel-skjema, slik at forskarane kunne telje og samanlikne. Det var mykje informasjon å halde orden på!
Dette fann forskarane ut:
- Elevane på Grefsen skule vil bli mykje forskjellig.
- Dei mest populære yrka var fotballspelar, arkitekt og YouTubar, og ikkje lege, advokat, forskar eller musikar.
- 68 elevar vil bli noko dei allereie likar å gjere no. Berre åtte elevar sa at dei ønskte å bli det same som nokon i familien.
- Jenter og gutar tenkjer ulikt om framtida.
Det mest spennande funnet var kor ulike svar dei 140 elevane gav. Av alle 140 var det berre 18 som ville bli det same.
På Grefsen skule finst det mange ulike tankar om framtida og det viser kor mange moglegheiter som finst. Det er bra!
Når inkluderer vi best i friminuttet?
To forskargrupper undersøkte dette spørsmålet. Begge meinte at vi inkluderer best når vi er glade og når vi leikar saman.
Forskarane fann ut at det å leike fire saman er ekstra bra. Ein elev forklarte det slik:
– Viss éin blir litt utanfor, kan ein annan gå bort til han eller ho, og då blir det to og to.
Forskarane var også opptekne av kva slags leik som fungerer best. Éi gruppe hadde stor tru på leiken haren. Den andre meinte at song, dans og aking gjer det lettare å inkludere. Dei sa at i slike leikar kan ein gløyme vonde tankar og berre vere glad. Men alt gav ikkje same svar. Aking fungerte bra for inkludering i éi gruppe, men ikkje i den andre.
Begge gruppene var einige om éin ting: Vi inkluderer best når vi er glade.
Likevel oppdaga dei noko som skilde seg ut: Ein person som var glad, inkluderte likevel ikkje godt. Det fekk forskarane til å undre seg. Å melde seg på ein leik ein ikkje pleier å vere med i, viste seg å ikkje hjelpe på inkluderinga. Kva trur du kan vere grunnen til det?
Nokre av forskarane la merke til at inkludering fungerte aller best når elevar som vanlegvis ikkje leikar saman, gjorde det. Det fekk dei til å tenkje nøye etter: Kanskje er vi ekstra på jobb då og ikkje fell inn i dei faste mønstra våre?
Korleis kan vi ake raskast?
Ein av hypotesane var at det ville gå raskast med olje under akebrettet. Forskarane hadde stor tru på denne hypotesen, og gledde seg veldig til å prøve han ut.
Men då dei testa dette, skjedde det motsette: Det gjekk saktare!
Forskarane byrja å diskutere kvifor. Dei trur snøen festa seg til oljen, og at det gjorde akebrettet tregare enn vanleg. Dette var litt skuffande, men også veldig spennande ettersom det var heilt uventa.
Elevane ville gjerne ha testa fleire oljetypar og også prøvd med smør under akebrettet, men det rakk dei ikkje denne gongen.

Korleis kan vi hoppe høgast på akebrett?
Denne gruppa hadde store planar: dei ville byggje store og bratte hopp, teste ulike akebrett og helle vatn i bakken for ekstra fart.
Men naturen hadde ein annan plan for dei. Snøen var kjempehard og isete, så det var umogleg å byggje hoppa dei hadde planlagt.
Forskarane lærte noko viktig: Av og til møter vi på hindringar vi ikkje kan kontrollere. Og nettopp det er også ein del av forskarjobben.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 juni 2026, 23:27 CEST