Ekte fare eller berre skummelt?

Nokre er redde for edderkoppar. Nokre er redde for mørket. Nokre er redde for hundar. Andre synest ikkje nokon ting er skummelt! Kvifor blir vi redde, og kvifor er vi ikkje redde for det same? Det ville 2. trinn på Eidsvåg skule finne ut av då dei jobba med Nysgjerrigperprosjektet sitt.

illustrasjonsbilde, eg plakat med tegninger på
Elevane 2. trinn synest at blod, døde menneske, edderkoppar, auge, bjørnar, dokker og haiar kan vere skumle.

1. Problemstillinga

Først måtte klassen finne ut kva dei hadde lyst til å forske på. Dei hadde mange forslag! Faktisk over hundre spørsmål.

Nokre lurte på:

  • Kvifor er bamsar mjuke?
  • Kvifor blir huda rynkete når vi badar?
  • Kvifor er vi redde for ulike ting?

Til slutt stemte dei over spørsmåla. Spørsmålet flest hadde lyst til å undersøkje, var:

Kvifor er vi redde for ulike ting?

2. Hypotesane

Elevane på 2. trinn grubla på kva dei trudde kunne vere grunnen til at vi ikkje er redde for det same. Dei laga seks hypotesar.

Dei trudde vi kan vere redde for forskjellige ting, fordi:

  • synet påverkar kva vi er redde for
  • hjernen kan lure oss
  • vi er ulike
  • nokre dyr og insekt er skumlare enn andre
  • nokre ting er farlege, andre ikkje
  • det har skjedd noko med oss før

3. Planlegging

Korleis kunne dei finne ut om hypotesane stemte? Klassen snakka saman om korleis kvar av hypotesane kunne testast. Nokre forslag var litt vanskelege å gjere, og då måtte dei komme på andre måtar å undersøkje det same.

Dei bestemte at dei skulle:

  • lage eit mørkerom med ei sanseløype
  • lage skumle boksar
  • intervjue ein dyrepassar på Akvariet i Bergen
  • intervjue vaksne på skulen
  • lage ei spørjeundersøking

Dei hadde mange forslag til kva som kunne vere inni dei skumle boksane.
Nokre foreslo ekte edderkoppar og slangar! Men det fekk dei ikkje lov til. I staden fann dei ting som kunne kjennast litt ekle eller skumle ut, til dømes gelé og leikespindelvev.

to pappkasser malt i rosa og grønt med hull i toppen for å kunne kjenne på noe nede i boksene
Elevane lagde skumle boksar for undersøkje om vi kan lure hjernen til å tru at noko er farleg.

4. Undersøkingane

Blir vi reddare når vi ikkje kan sjå?

Elevene lagde mørkebriller for å finne ut om vi blir mer redde i mørket.
Elevane lagde mørkebriller for å finne ut om vi blir meir redde i mørket.

Elevane ville teste om synet påverkar kva vi er redde for.

Sidan dei ikkje kunne lage eit heilt mørkt rom på skulen, laga dei spesielle briller som dei teipa igjen så ein nesten ikkje kunne sjå. Så måtte elevar på trinnet gå gjennom ei løype med brillene på.

I løypa var det:

  • tau som hang ned frå taket
  • ting på golvet
  • spindelvev

Mange synest det var skumlare når dei ikkje kunne sjå kva som var rundt dei.

Kan hjernen lure oss?

For å teste om hjernen kan lure oss lagde elevane skumle boksar. Utanpå boksane var det bilete. Det kunne til dømes vere eit bilete av ein manet, men inne i boksen var det gelé. I ein av boksane var det bilete av ei rotte, og inni boksen løfta ein elev ein hårete leikeedderkopp opp på handa til den som stakk handa nedi.

Sjølv om mange visste at det ikkje var noko farleg der, syntest dei likevel det var skummelt å ta handa nedi. Kanskje hjernen kan lure oss?

Er store barn mindre redde?

Dei laga ei spørjeundersøking på skulen. Der fann dei ut at  det var forskjell på elevane på 7. trinn og 1. trinn. Elevar på 7. trinn var mindre redde enn elevar på 1. trinn. Kanskje det er fordi dei veit meir om kva som er farleg – og kva som ikkje er det?

et tegnet søylediagram
Spørjeundersøkinga viste at 7. trinn på Eidsvåg skule er mindre redde for ulike ting enn 1. trinn.

Er nokre dyr skumlare enn andre?

For å finne ut av dette, intervjua dei ein dyrepassar på Akvariet i Bergen. Ho fortalte at mange er redde for dyr dei aldri har møtt før, for eksempel hoggorm. Ho fortalte også at haiar har litt oppskrytt rykte, og at dei ikkje er så farlege som mange trur.

Har det skjedd noko skummelt tidlegare?

Dei intervjua òg nokre vaksne på skulen. Ein vaksen fortalte at han framleis er redd for veps, fordi han blei stukken i munnen då han var liten. Kanskje det vi har opplevd før, kan påverke kva vi er redde for i dag?

5. Dette fann dei ut

Elevane oppsummerte kva dei hadde funnet ut.

Det ser ut til at:

  • vi kan bli reddare når vi ikkje kan sjå
  • hjernen vår kan lure oss
  • vi kan vere redde for ting vi aldri har møtt
  • vi er redde for ulike ting, fordi vi er ulike
  • store barn kan være mindre redde enn små barn
  • kunnskap kan gjere oss mindre redde
  • dårlege opplevingar kan gjere oss meir redde

6. Fortel til andre

Til slutt fortalte elevane om forskinga si på skulen sitt Nysgjerrigpertorg. Dei viste film, plakatar og forklarte kva dei hadde funne ut til andre elevar. Mange grua seg litt først, men syntest det var gøy å fortelje om prosjektet etterpå.

Publikum fekk prøve mørkebrillene og putte hendene i dei skumle boksane.

– Det var mest dei vaksne som skreik, fortel elevane.

Læraren syntest det var noko av det mest morosame med prosjektet.

en falsk rotte inne i en pappeske og en hånd som tar på denne
Inne i skumleboksen med bilete av ei rotte var det ein hårete leikeedderkopp som blei løfta opp til handa til testpersonen. Det var denne boksen som fekk flest i publikum til å hyle.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 august 2026, 14:14 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.