Yatzy! (lærarrettleiing)

I denne forskarsprinten skal elevane forske på kor vanskeleg det er å få yatzy.

Tidsramme: 1-2 skuletimar
Stad: Klasserom
Passar for: 3.–7. trinn

PS! Med hjelp frå eldre fadderelevar kan opplegget òg passe for 1. og 2. trinn.

Utstyr:

  • 5 terningar til kvar gruppe
  • noko å kaste på, slik at det ikkje blir for bråkete
  • kalkulator til kvar gruppe
  • skrivesaker

Her finn du elevsida om Yatzy!

Introduksjon av problemstillinga

Læraren kan starte med å trille yatzy. På den måten får alle sjå framgangsmåten dei skal følgje.

Etter første kast vel ein det talet det er flest av. Dersom det til dømes er to trearar og to firarar, kan den som kastar velje. Kast vidare til du får yatzy. De tel kvart kast.

Hypotesar

Del elevane i grupper på 2-3 elevar. Be dei drøfte om kor mange kast dei trur det vanlegvis tek for å få yatzy, og om det er lettare å få yatzy med nokre tal enn andre.

Døme på hypotesar:

  • Vi trur vi i gjennomsnitt må trille terningane 10 gongar for å få yatzy.
  • Vi trur det er lettare å få yatzy med einarar enn seksarar.

Plan for undersøkinga

Planen for undersøkinga er i denne forskarsprinten bestemt.

Kvar gruppe treng:

  • fem terningar
  • noko å trille på
  • ein kalkulator
  • skrivesaker
  • ein tabell til å skrive inn 12 resultat (tal kast til yatzy)

Elevane kan bruke tabellen på støttearket på elevsida, eller lage sin eigen tabell med plass til 12 forsøk.

Dei skal få fram 12 yatzyar ved å følgje denne framgangsmåten:

  1. Kast alle fem terningane.
  2. Vel det talet det er flest av.
  3. Ta vare på det de «samlar» på, og kast vidare til de har yatzy.
  4. Skriv resultatet (tal terningkast til yatzy) i tabellen.
  5. Gi terningane vidare til neste kastar.
  6. Gjenta til gruppa har fått 12 yatzyar.

Hente opplysningar

Elevane gjennomfører planen. Ein elev kastar om gongen til yatzy.
Minn elevane på å skrive ned talet på terningane og tal kast i tabellen.

Oppsummering og drøfting

Elevane skal regne ut gjennomsnittet. Dei må sjå på tabellen og vurdere: Ser det ut til at det er lettare å få yatzy med nokre tal enn andre?

Gruppene drøftar kva dei har funne ut, og førebur seg på å dele funna sine med resten av klassen.

Fortelje til andre

Kvar gruppe presenterer kva dei fann ut. Til slutt diskuterer klassen om det kan vere lettare å få yatzy med nokre tal enn andre.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16 juli 2026, 16:02 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.