Kan vi stole på det første vi tenkjer?
I denne forskarsprinten skal de undersøkje om de tolkar eit bilete på same måte og om det første dykk tenkjer stemmer med det dykk seinare finn ut når de får meir informasjon.

Dette er elevsida til forskarsprinten. Her finn du lærarsida til Kan vi stole på det første vi tenkjer?
1. Problemstilling: Kan vi stole på det første vi tenkjer?
I denne forskarsprinten skal de undersøkje om de tenkjer det same om eit bilete, og om tankane stemmer med verkelegheita.
2. Hypotesar
Sjå på biletet. Kva trur du at du ser? Kva trur du kan ha skjedd?
Skriv ned kva du trur.
Eg trur…
Kor mange i klassen trur du kjem til å tenkje det same som deg?
3. Plan for undersøkinga
No skal de undersøkje kva klassen tenkjer om biletet. Etterpå skal de lese ein fagtekst og finne ut meir.
4. Samle inn data
Skriv i ein tabell kva elevane i klassen trur dei ser på biletet.
Tel kor mange som trur det same.
| Kva vi trur at vi ser | Kor mange som trur det |
|
|
Etterpå les de fagteksten. NB! Ingen må lese fagteksten før alle har sagt kva dei trur.
5. Oppsummering
Les hypotesen din på nytt.Stemde han:
- heilt?
- litt?
- ikkje i det heile?
Forandra du meining etter å ha lese fagteksten?
6. Fortel til andre og drøft
Finn ut ved handsopprekking:
- Kor mange forandra meining etter lesinga?
- Kor mange hadde ein hypotese som stemde heilt?
- Kor mange hadde ein hypotese som stemde litt?
- Kor mange hadde ein hypotese som ikkje stemde i det heile?
Diskuter i klassen:
- Kan vi alltid stole på det første vi tenkjer?
- Kva kan dette lære oss om misforståingar i kvardagen?
Kritisk tenking i kvardagen
Kritisk tenking handlar om å undersøkje før vi bestemmer oss. Når vi møter bilete, overskrifter eller påstandar, kan hjernen prøve fylle inn det vi ikkje veit. Difor er det viktig å spørje:
- Kva veit eg eigentleg om dette?
- Korleis veit eg det?
- Kva informasjon manglar?
- Finnes det andre forklaringar?
- Finst det fleire kjelder eg kan undersøkje?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 12 september 2026, 15:49 CEST