Kan vi stole på det første vi tenkjer? (lærarrettleiing)
I denne forskarsprinten skal elevane undersøkje om dei tolkar eit bilete på same måte og om det første dei tenkjer stemmer med det dei seinare finn ut når dei får meir informasjon.

Tidsramme: 1 skuletime
Sted: Klasserom
Passer for: 1.–7. trinn
Utstyr:
- bilde av ein skapning frå havet
- skrivesaker
- fagtekst om skapningen
Her finn du elevsida.
Introduksjon av problemstillinga
Vis elevane dette biletet utan å fortelje noko om det.

Hypotesar
Elevane arbeider individuelt og skriv ned:
- Kva dei ser på biletet.
- Kva dei trur har skjedd.
I tillegg skal dei gjette kor mange i klassen som trur det same som dei.
Be elevane om å arbeide stille og individuelt før dei snakkar med andre. Det er viktig at førsteinntrykket faktisk blir deira eige.
Plan for undersøkinga
Elevane skal samanlikne hypotesane sine med resten av klassen. Du vel om dette skal skje i plenum eller ved at elevane går rundt og spør kvarandre.
De skriv opplysningane inn i ein tabell som viser kva tolkingar som kom fram, og kor mange som hadde kvar enkelt tolking (sjå støttearket til høgre på sida).
Etter dette les dei ein fagtekst om dyret. Fagteksten finst i tre versjonar med same innhald, men ulik lengd:
Gå rett til fagteksten med
Hente opplysningar
Elevane registrerer kva tolkingar som finst i klassen og tel kor mange som har kvar tolking.
Først når alle har sagt kva dei trur, får dei lese fagteksten.
Oppsummering
La kvar enkelt elev vurdere om deira eigen hypotese stemte heilt, litt eller ikkje i det heile, ut frå det dei las i fagteksten.
Fortelje til andre og drøfting
Finn ut ved handsopprekking:
- Kor mange forandra meining etter å ha lese fagteksten?
- Kor mange hadde ein hypotese som stemte heilt?
- Kor mange hadde ein hypotese som stemte litt?
- Kor mange hadde ein hypotese som ikkje stemte i det heile?
Diskuter i klassen:
- Kan vi alltid stole på det første vi tenkjer?
- Kva kan dette lære oss om misforståingar i kvardagen?
Kritisk tenking i kvardagen
Kritisk tenking handlar om å undersøke før vi konkluderer. Elevane har undersøkt om dei tolkar det same biletet likt, og om ny informasjon kan få dem til å endre oppfatning.
Når vi møter bilete, overskrifter eller påstandar, kan hjernen prøve å fylle inn manglande informasjon. Derfor er det viktig å spørje:
- Kva veit eg eigentleg om dette?
- Korleis veit eg det?
- Kva informasjon manglar?
- Finnes det andre forklaringar?
- Finst det fleire kjelder eg kan undersøkje?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 12 september 2026, 16:00 CEST