Kva kan påverke kor raskt i spring?

I denne forskarsprinten skal de forske på løping for å finne ut kva som kan påverke kor fort vi spring.

løpesko

Dette er elevsida til forskarsprinten. Her finn du lærarsida til Kva kan påverke kor raskt vi spring?

1: Problemstilling: Kva kan påverke kor raskt i spring?

De skal bruke Nysgjerrigpermetoden til å finne ut kva som kan påverke farten.

2: Hypotesar

Kva trur du kan påverke kor raskt du spring?
NB! Du skal berre samanlikne med deg sjølv.

Døme på hypotesar:

  1. Vi spring saktare utan joggesko.
  2. Vi spring raskare frå startposisjon som sprintar i startblokk, enn frå ståande posisjon.
  3. Vi spring om lag halvparten så fort dersom vi ikkje beveger armane når vi spring.
  4. Vi spring raskare med armane i diagonalgang enn i passgang.

Når alle har delt tankane sine, drøftar de i gruppa og blir einige om éin hypotese.

3: Plan for undersøkinga

Planlegg korleis de vil teste hypotesen de har valgt.

Drøft:

  • Korleis kan de teste hypotesen slik at andre kan stole på resultata?
  • Korleis skal de gjennomføre forsøket?
  • Korleis skal de ta tida?

De treng også skrivesaker og ein tabell å skrive resultata i.

4: Hente opplysningar

Gjennomfør planen dykkar.

Noter resultata i tabellen

5: Oppsummering og drøfting

Snakk saman i gruppa: Kva har de funne ut?

Førebu dykk på å dele med resten av klassen.

6: Fortel til andre

Del med resten av klassen:

  • Kva hypotesar de hadde.
  • Korleis de testa ho.
  • Kva de fann ut.

Til slutt drøftar de i klassen: Kva påverkar farten mest og minst?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 juni 2026, 23:53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.