Kva kan påverke kor raskt vi spring? (lærarrettleiing)

I denne forskarsprinten skal elevane forske på det å springe for å finne ut kva som kan påverke farten når du spring.

Tidsramme: 1–2 skuletimar
Stad: Gymsal eller ute
Passar for: Mellomtrinnet

Utstyr:

  • noko å ta tida med
  • dykk sjølve
  • ei rett strekning med markert start og slutt
  • joggesko

Her finn du elevsida til Kva kan påverke kor raskt vi spring?

Introduksjon av problemstillinga

Elevane skal undersøkje ulike faktorar som kan påverke kor raskt dei spring. Dei kan for eksempel teste:

  • sko/ikkje sko
  • startposisjon (ståande eller sitjande, som i startblokk)
  • armrørsler når dei spring

Før dei startar, bør elevane øve på ulike måtar å bevege armane på medan dei går/spring:

  • Diagonalgang: høgre fot og venstre arm fram samtidig
  • Passgang: høgre fot og høgre arm fram samtidig
  • Armane i ro: armane heng rett ned

Hypotesar

Del elevane i grupper på to–tre elevar. Be dei drøfte kva dei trur kan påverke kor fort dei spring.

Døme på hypotesar:

  1. Vi spring saktare utan joggesko.
  2. Vi spring raskare frå startposisjon som sprintar i startblokk, enn frå ståande.
  3. Vi spring om lag halvparten så fort dersom vi ikkje beveger armane når vi spring.
  4. Vi spring raskare med armane i diagonalgang enn i passgang.

Plan for undersøkinga

Elevane skal planleggje kva dei vil teste og korleis dei vil gjere det. Dersom alle gruppene brukar same strekning, blir det lettare å halde oversikt.

Elavane skal diskutere:

  • Korleis kan vi teste hypotesen på ein måte andre kan stole på?
  • Korleis skal vi gjennomføre forsøket?
  • Korleis skal vi ta tida?

Elevane treng ein tabell til å skrive resultata i. Dei kan bruke støttearket på elevsida, eller lage sin eigen tabell.

Hente opplysningar

La gruppene gjennomføre planen på ein systematisk måte.

Minn elevane på å notere resultata undervegs.

Oppsummering og drøfting

Gruppene drøftar kva dei har funne ut og førebur seg på å dele dette med resten av klassen.

Fortelje til andre

Kvar gruppe presenterer:

  • Kva hypotese dei hadde.
  • Korleis dei testa ho.
  • Kva dei fann ut.

Til slutt diskuterer de i klassen: Kva påverkar farten mest og minst?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 juni 2026, 00:23 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.