Verdsmeister i å late som

Her finn du fagteksten "Verdsmeister i å late som" i tre ulike nivå tilpassa ulike klassetrinn. Tekstene er laga til forskarsprinten "Kan vi stole på det vi tenkjer?"

Gå rett til fagteksten med

Verdsmeister i å late som (222 ord) 

sammensatt av to bilder: til venstre en blekksprut som ser ut som en skate og til høyre en uforandret blekksprut

Mange trur at dette er ei skate eller ein sjøslange.

Men det er faktisk ein blekksprut!

Denne blekkspruten vert kalla mimic octopus.

Ordet mimic betyr å etterlikne eller late som.

Ein blekksprut som kan lure andre

Mimic octopus lever i varme hav.

Han kan forandre

  • farge
  • form
  • korleis han rører seg

Då kan han sjå ut som eit heilt anna dyr.

Han kan for eksempel likne på ei skate, ein dragefisk eller ein sjøslange.

bilde til venstre av en blekksprut og til høyre av en dragefisk
Dragefisken til høgre har giftige piggar. Blekkspruten prøver å sjå ut som han.

Han latar som han er ein sjøslange

Nokre gonger gøymer blekkspruten seks av armane sine.

Då sym han med to armar tett saman og liknar på ein giftig sjøslange.

bilde til venstre av en blekksprut som etterligner en slange og til høyre av slangen den etterligner
Blekkspruten kan late som han er den giftige sjøslagen på biletet til høgre.

Ein smart måte å overleve på

Blekkspruten latar ikkje som for å leike.

Han gjer det for å overleve.

Når andre dyr trur han er giftig, held dei seg unna. 

Mimic octopus er den einaste blekkspruten vi kjenner til som kan late som han er mange forskjellige dyr.

Kva kan vi lære av dette?

Då du såg biletet første gongen, trudde du kanskje at det var ein sjøslange eller ei skate.

No veit du at det var ein blekksprut.

Nokre gongar kan auga lure oss.

Difor er det lurt å finne meir informasjon før vi bestemmer oss for kva vi trur.

Verdsmeister i å late som (293 ord)

sammensatt av to bilder: til venstre en blekksprut som ser ut som en skate og til høyre en uforandret blekksprut

Mange trur at dette er ei skate eller fleire sjøslangar som er samla. Men det er faktisk ein blekksprut! Denne blekkspruten heiter mimic octopus. Ordet mimic betyr å etterlikne eller late som. Han er kjend for å kunne likne på mange forskjellige dyr.

Ein blekksprut som kan lure andre

Mimic octopus lever på sandbotn i varme hav.

Han kan forandre

  • farge
  • form
  • korleis han rører seg

Då kan han sjå ut som eit heilt anna dyr. Han kan for eksempel likne på ei skate, ein dragefisk eller ein sjøslange.

 

bilde til venstre av en blekksprut og til høyre av en dragefisk
Dragefisken til høgre har giftige piggar. Blekkspruten prøver å sjå ut som han.

Han latar som han er ein sjøslange

Nokre gonger gøymer blekkspruten seks av armane sine. Dei to armane som er att, held han tett saman og beveger dei fram og tilbake slik at dei liknar ein giftig sjøslange.

bilde til venstre av en blekksprut som etterligner en slange og til høyre av slangen den etterligner
Blekkspruten kan late som han er den giftige sjøslagen på biletet til høgre.

Ein smart måte å overleve på

Blekkspruten latar ikkje som for å leike. Han gjer det for å beskytte seg.

Han treng ikkje vere giftig. Det er nok at andre dyr trur at han er giftig. Då vel dei ofte å halde seg unna. Mimic octopus er den einaste blekkspruten vi kjenner til som kan etterlikne mange ulike dyr. Forskarane trur at han kan velje kva dyr kan skal likne på, ut frå kva slags fare han møter.

Kva kan vi lære av dette?

Då du så biletet første gongen, trudde du kanskje at det var sjøslangar eller ei skate. No veit du at det var ein blekksprut.

Nokre gongar kan auga lure oss. Difor er det lurt å finne meir informasjon før vi bestemmer oss for kva vi trur. Det gjeld både i naturen og når vi ser bilete eller les informasjon på nettet.

Verdsmeister i å late som (367 ord)

sammensatt av to bilder: til venstre en blekksprut som ser ut som en skate og til høyre en uforandret blekksprut

Mange trur at dette er ei skate eller fleire sjøslangar som er samla. Men det er faktisk ein blekksprut! Denne blekkspruten heiter mimic octopus. Ordet mimic betyr å etterlikne eller late som. Han er kjend for å kunne likne på mange forskjellige dyr.

Ein blekksprut som kan lure andre

Mimic octopus lever på sandbotn i varme hav, mellom anna utanfor Indonesia.

Mange blekksprutar kan skifte farge for å gli inn i omgivnadane. Mimic octopus kan endå meir. Han kan forandre

  • farge
  • form
  • korleis han rører seg

Då kan han sjå ut som eit heilt anna dyr. Han kan for eksempel likne på ei skate, ein dragefisk eller ein giftig sjøslange.

bilde til venstre av en blekksprut og til høyre av en dragefisk
Dragefisken til høgre har giftige piggar. Blekkspruten prøver å sjå ut som han.

Han latar som han er ein sjøslange

Nokre gonger gøymer blekkspruten seks av armane sine. Dei to armane som er att, held han tett saman og beveger dei fram og tilbake. Samstundes viser han fram dei lyse og mørke stripene på armane. Då kan han likne overraskande mykje på ein giftig sjøslange. Andre dyr kjenner att den giftige sjøslangen og held seg unna.

bilde til venstre av en blekksprut som etterligner en slange og til høyre av slangen den etterligner
Blekkspruten kan late som han er den giftige sjøslagen på biletet til høgre.

Ein smart måte å overleve på

Blekkspruten latar ikkje som for å leike. Han gjer det for å beskytte seg. Han treng ikkje vere giftig. Det er nok at andre dyr trur at han er giftig. Då vel dei ofte å halde seg unna.

Mimic octopus er den einaste blekkspruten vi kjenner til som kan etterlikne mange ulike dyr. Forskarane trur at han kan velje kva dyr kan skal likne på, ut frå kva slags fare han møter.

Kva kan vi lære av dette?

Då du så biletet første gongen, trudde du kanskje at det var ein sjøslange eller ei skate. No veit du at det var ein blekksprut.

Dette viser at vi ikkje alltid kan stole på det første vi tenkjer. Hjernen prøver raskt å forstå det vi ser, men førsteinntrykket kan vere feil.

Difor er det viktig å undersøkje og finne meir informasjon før vi bestemmer oss for kva som sannsynlegvis stemmer. Det gjeld både når vi studerer naturen og når vi ser bilete eller les informasjon på nettet.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 12 september 2026, 16:05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.