Må idrett handle om å vinne eller tape?

Kva er viktigast for at barn og unge skal halde fram i idretten? Forskaren Lars Erik Espedalen, alpintrenaren Magnus Hartwig og fotballtrenaren Kjetil Knutsen i FK Bodø/Glimt har funne noko som kan overraske deg.

Dei fleste barn i Noreg har vore med i ein eller idrettar. Faktisk har heile 93 prosent vore med i eit idrettslag. Men noko skjer når vi blir eldre. Rundt 13-årsalderen er det mange som sluttar. Før dei fyller 18 år har nesten 60 prosent av ungdommane slutta i idretten.

Forskar Lars Erik Espedalen ønskte å forstå kvifor nokre held fram og kvifor andre vel å slutte. Han er akkurat ferdig med eit stort forskingsprosjekt ved Forskingssenter for barne- og ungdomsidrett.

Spørjeundersøking som metode

Espedalen og forskarane han arbeidde saman med, brukte ei spørjeundersøking for å samle informasjon. I undersøkinga fekk ungdommane to opne spørsmål. Dei som dreiv med organisert idrett, blei spurde om kvifor dei heldt på med idrett. Dei som hadde slutta, blei spurde om kvifor dei slutta.

Etter å ha lese nesten tre tusen svar, oppdaga Espedalen og dei andre forskarane at mange svara ganske likt.

Dei som held fram: Det er gøy

Dei fleste som held fram med idrett, gjer det fordi

  • det er gøy
  • dei er med vener
  • dei held seg i form
  • dei får vere aktive

Nokre skreiv også at dei elskar idretten. Dei likar kjensla av å vere ein del av eit lag og det å jobbe mot eit felles mål.

Dei som sluttar: Det blir for mykje

Blant dei som slutta, skriv mange at dei kjenner på eit slags krysspress. Det betyr at dei kjenner seg dregne i fleire retningar samtidig. Dei skal ha tid til skule, lekser, trening og kampar. Dei vil også ha tid til å få nye vener, utforske andre interesser og berre vere ungdommar. Nokre skreiv også at idretten kan koste mykje med utstyr og reiser, og at idretten blir for seriøs.

– Dei ansvarlege for idretten tenkjer kanskje: «vi er ikkje så seriøse, vi krev ikkje så mykje», men tre treningar i veka og kampar eller konkurransar, tek mykje av ungdommane si tid, seier forskaren.

Den norske idrettsmodellen

I Norge finst det rundt 9000 idrettslag, og mange blir drivne av frivillige. Det betyr at dei ikkje får pengar som løn for jobben. Dei ønskjer at barn og unge skal få moglegheit til å drive med idrett.

Ein viktig tanke i norsk idrett er: Idrettsglede for alle. Det betyr at målet ikkje berre er å få fram toppidrettsutøvarar, men at så mange som mogleg skal ha glede av idrett så lenge som mogleg.

Forsking viser noko interessant: Dei som er best når dei er 11–13 år, er ikkje nødvendigvis dei som blir best som vaksne. Ei stor undersøking, les artikkelen "De som når toppen i barndommen, er sjelden best som voksne", viser at 90 prosent av dei som når toppen, ikkje var best tidleg i ungdomsåra.

Må idrett handle om å vinne?

Forskinga tyder på at svaret er nei. For dei fleste er det viktigaste å ha det gøy, vere saman med vener og kjenne at dei høyrer til i gruppa.

Rådet frå Lars Erik Espedalen til idrettslag er å ikkje tenkje så mykje på det å vinne eller å tape. Kanskje nøkkelen heller er å spørje: Kva skal til for at fleire får lyst til å halde fram?

Kanskje det ikkje treng å vere så seriøst heile tida. Kanskje kan dei også gjere noko som er berre for gøy på treningane. Eller kanskje ungdommane sjølve kan få bestemme kva dei skal gjere i noko av treningstida. Kanskje er det også lurt å få ungdommar med blant dei som bestemmer i idretten.

Gull verdt for treningsgruppa

Magnus Hartwig er alpintrenar, leiar for ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets og med i prosjektet HeleMeg. Han kjenner seg godt att i det Espedalen skildrar og fortel at ein i toppidretten er oppteken av mykje meir enn berre å vinne.

illustrasjonsfoto
Alpintrenar Magnus Hartwig med alpinutøvaren Martin Lid Seim-Haugen (foto: privat).

– Gode treningsgrupper treng utøvarar med ulike styrkar, seier han.

Det handlar ikkje berre om å vere raskast eller score mål. Det er også viktig å

  • heie på andre
  • vere raus
  • ikkje vere redd for å feile
  • vere omsorgsfull og støttande

– Har du ein av desse eigenskapane, er du gull verdt for dei du trener saman  med, fortel Magnus.

Magnus deler aktivitetar som kan vere fine å bruke på slutten av ei trening og som ikkje handlar om prestasjon, tap eller siger: Utsjekk-HeleMeg.

– Det er fint å avslutte treninga med noko gøy som lokkar fram smila, for det siste vi gjer er ofte det vi hugsar best, seier Magnus.

Eit lag som tenkte annleis og fekk suksess

Når Kjetil Knutsen og dei som arbeider i FK Bodø/Glimt skal finne nye spelarar til laget, er dei ikkje berre oppteken av spesifikke fotballferdigheiter.

– Vi ser etter spelarar som kan passe inn i spelargruppa. Haldningane deira og at dei har lyst til å bli betre saman med laget, er veldig viktig for oss, fortel Kjetil.

Då Kjetil blei trenar for laget ønskte han å gjere noko litt annleis. I staden for å ha fullt fokus på resultat, var han oppteken av utvikling, samspel og speleglede.

 – Vi kan ikkje alltid styre om vi vinn eller taper, men vi kan styre korleis vi spelar. Når vi tør å gjere det vi har øvd på og har det gøy, då blir vi betre saman, seier Kjetil.

sju bodø glimt-spillere og to atletico madrid-spillere skal til å hoppe mot en kommende ball
Madrid, Spania 28. januar 2026: Champions League-kamp mellom Atletico Madrid og Bodø Glimt (Foto: Shutterstock).

Sjølv om fokuset ikkje først og fremst var på å vinne, byrja resultata å kome.

FK Bodø/Glimt har

  • vunne Eliteserien fleire gonger
  • sette poengrekord i norsk toppfotball
  • spela seg heilt til åttedelsfinalen i UEFA Champions League

Dei er kjende for ein spelestil med høgt tempo, godt samarbeid og spelarar som stolar på kvarandre.

Kanskje det viktigaste ikkje er å vinne heile tida, men å ha det gøy medan ein blir betre? Har du sjølv slutta i ein idrett? Kvifor slutta du, eller kvifor heldt du fram? Kjenner du til nokre aktivitetar der det ikkje handlar om å vinne?  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 juni 2026, 22:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.