Hol i handa

Kan du få hol i handa utan at det gjer vondt? Prøv!

gutt som ser gjennom sammenrullet papirark
Alt du treng til ekserimentet er eit kvitt A4-ark. Foto: Birthe Hodnekvam

Utstyr

  • Eit kvitt A4-ark

Framgangsmåte 

  1. Rull arket til eit røyr.
  2. Stå om lag 3 meter frå ein vegg.
  3. Hald røyret framfor det eine auget og lukk det andre.  
  4. Sjå på veggen gjennom røyret i 5–10 sekunder.  
  5. Hald den andre handa flatt heilt inntil sida av røyret, om lag midt på røyret.
  6. Hald begge auga opne. 
  7. Flytt handa litt fram og tilbake langs røyret til det plutseleg ser ut som om det er eit hol gjennom handa.  

Får du ikkje hol i handa? Byt auge. Nokon får effekten lettare når dei ser gjennom røyret med det dominante auget. 

I steg 6 held elevane begge auga opne. Foto: Birthe Hodnekvam

Kva skjer? 

Det eine auget ser veggen gjennom røyret. Det andre auget ser handa. 

Vanlegvis samarbeider auga og hjernen om å lage eitt bilete av det vi ser. I dette eksperimentet ser auga to ulike ting samstundes. Då blir hjernen litt «forvirra» og blandar bileta saman. Det kan sjå ut som om det er eit hol i handa, fordi hjernen prøver å forstå det auga ser.  

Eit lite triks til slutt 

Bytt ut handa med hovudet til ein venn. Klarer du å få det til å sjå ut som det er eit hol gjennom hovudet til venen din?

Utforsk vidare! 

Kva påverkar kor tydeleg holet i handa er? 

  • Spelar det noko rolle kor langt røyret er?
  • Spelar det noko rolle kva for ein farge det er på veggen du stirar på?
  • Blir effekten sterkare om du ser på noko som er langt unna? 

Er det fleire ting du kan teste? Det er berre å gå i gang med eigne undersøkingar! 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 august 2026, 13:13 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.