Kvifor et sjøfuglane plast?
Kvifor i all verda et sjøfuglar plast når dei faktisk døyr av det? Forskarane trur svaret kan vere at det er ei lukt som lurer dei.

Sjøfuglar er supergode til å lukte seg fram til små matbitar i havet. Derfor skulle ein tru at dei klarte å lukte forskjell på plastbitar og ordentleg sjøfuglmat. Så enkelt er det dessverre ikkje.
Det er eit stort problem at sjøfugl og andre dyr døyr på grunn av mykje plast i magen. Dette er bitar av plast frå ting som vi menneske mistar eller slepp ut i naturen.
Luktar kril
Men kvifor et sjøfuglane dette dødelege søppelet? Er dei berre dumme, eller er det noko med plasten som freistar dei? Det ville nokre amerikanske forskarar finne ut av.
Dei la ut små bitar av plast i sjøen på ein stad der dei kunne finne dei igjen. Etter nokre veker undersøkte dei plastbitane nærare. Då fann dei noko som kan forklare kvifor fuglane et seg sjuke på plast: På plastbitane var det no eit heilt spesielt stoff som luktar mat for sjøfugl. Dette stoffet kjem frå små algar i havet. Det vesle krepsdyret kril, som sjøfuglar elskar å ete, har den same lukta. Det er fordi kril et slike algar.
Forvirra fuglar
Fuglane plar altså å snuse etter den bestemde lukta når dei vil ha seg ein krilmiddag. Men når plastbitane i havet luktar det same som middagen, då er det kanskje ikkje så rart at dei kan ta feil?
Geir Wing Gabrielsen har forska på sjøfuglar og plastetinga deira i fleire år. Han trur det kan stemme at fuglane blir lurte til å ete plasten fordi han duftar som herleg mat for dei.
– Det kan vere sånn at denne plasten luktar som godteri for dei, seier han.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 9 november 2026, 22:31 CET