Mattegrublerier 1-16

Last ned Mattegrublerier 1-16

1

For å opne ein safe treng du eit tresifra tal sett saman av forskjellige siffer.

Kor mange forskjellige kombinasjonar kan du lage berre ved å bruke siffera 1, 3 og 5?
a) 2     b) 3     c) 4     d) 5     e) 6

2

Du har fire brikker som denne:

Et hvitt kvadrat med en tjukk svart strek på skrå igjennom.

Du legg brikkene inntil kvarandre. Kva for eit av følgjande mønster er det umogleg å lage?

Fem ulike kombinasjoner av de 4 brikkene.

3

Kor mange siffer må du minimum plukke bort frå talet

12323314

for å få eit tal som er det same enten du les det frå venstre mot høgre eller 
frå høgre mot venstre?
a) 1     b) 2     c) 3     d) 4     e) 5

4

Jonas gongar med 3, Petter legg til 2, og Niklas trekkjer frå 1.

Dei startar med talet 3. I kva rekkjefølgje må dette gjerast for at svaret skal bli 14?

a) Jonas
Petter
Niklas

b) Petter
Jonas
Niklas

c) Jonas
Niklas
Petter

d) Niklas
Jonas 
Petter

e) Petter 
Niklas
Jonas

5

Bildet viser ei vektstong som er i balanse. Vi ser her bort frå vekta av sjølve opphenget. Total vekt av alle figurar som heng på, er 112 gram.

En vekt i balanse med ulike former hengene ned fra seg.

Kor mykje veg stjerna? 
a) 6 gram     b) 7 gram     c) 12 gram     d) 16 gram     e) 20 gram

6

Ei elv passerer punktet A. Etter som ho renn, deler ho seg i to elveløp. I det eine elveløpet går 1/3 av vatnet, mens resten går i det andre elveløpet. Seinare deler ho seg på nytt slik at 3/4 av vatnet går til høgre og resten i det venstre løpet mot B. Sjå bildet under.

En stor elv som deler seg i 2 mindre elver.

Kor stor del av vatnet som passerer A, renn ut i elveløpet ved punktet B? 
a) 1/4     b) 2/3     c) 11/12     d) 1/6     e) 1/2

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. mai 2025, kl. 15.07 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.