Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Pus temde seg sjølv"

I artikkelen "Pus temde seg sjølv" skal elevane leite etter språklege bilete som blir nytta for å syne korleis katten er tam. Desse kan hjelpe til å forstå kva ordet "tam" eigentleg tyder.

Artikkelen Pus temde seg sjølv oppslått på lyserosa bakgrunn.
Artikkelen "Pus temde seg sjølv" er henta frå Nysgjerrigper nr. 2-2018.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Få ei betre forståing av ordet "tam"

Ordet "tam" kan vere vanskeleg å få tak i. Er eit dyr tamt om det likar å bli klappa? Har ein temt eit dyr om ein gir det eit eigennamn? Denne artikkelen handlar om korleis katten utvikla seg frå villkatt til tamkatt, men framleis har mykje til felles med villkattar. Ulike språklege bilete blir nytta for å syne korleis katten er tam. Desse kan hjelpe til å forstå kva ordet "tam" eigentleg tyder.

Slik kan de jobbe med dei to fyrste oppgåvene på elevarket:

1. Spør fyrst elevane kva dei tenker på når dei høyrer ordet "tam". La dei prate med læringspartnaren eit minutt eller to. Spør deretter om å få høyre tankane deira. Skriv dei opp, så alle kan sjå innspela. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe elevane i gang.

  • Kven kan vere tam?
  • Korleis blir ein tam?
  • Er nokon dyr fødde tamme?

2. Ta opp artikkelen "Pus temde seg sjølv". Kva tyder eigentleg denne overskrifta?

  • Kva meiner ein med «temde»?
  • Kven temmer vanlegvis dyr?
  • Korleis kan nokon temme seg sjølv?

3. La elevane leite i teksten etter neste gong det står noko om å vere tam. Gi dei tipset om at det står allereie i ingressen.

Der står det: … huskatten knapt har forandra seg etter at han kom innfor dørene våre.

At katten kom innfor dørene våre, er eit bilete på å bli tam. Ein vill katt lever utfor dørene våre, i det fri. Dei tamme lever med menneske.

4. La elevane leite vidare etter måtar artikkelen skildrar ein tam katt, eller kva det vil seie å vere tam.

Her er dei andre eksempla i teksten:

  • Kattar kom vandrande frå Søraust-Asia og begynte å henge rundt busetjingane til menneske …
  • Han var truleg litt tammare og meir sosial.
  • Det ser ut til at oldtidsmenneske tok med seg kattar langs handelsrutene til sjøs og til lands for å halde smågnagarane i sjakk.
  • Det viktigaste som endra seg då katten blei tam, var at han blei sosial.
  • Villkatten lever einsleg, mens huskatten toler selskap av både menneske og andre kattar.
  • Men han likar også å kome inn i varmen og finne seg ein mjuk, varm stad der han kan sove.
  •  … katten omsider bestemte seg for å hoppe opp i fanget på oss – der han attpå til gjerne får litt kos og klapp?
  • Biletet av kattemumie frå Egypt tyder på at menneske hadde nære band til kattar.
  • Biletet av katt på klatremøbel viser at han er hos menneske, og tam.

Oppgåver til elevane

1. Kva tyder "tam"?

Jobb saman to og to.

a. Kva vil det seie å vere tam?
b. Korleis blir ein tam?
c. Kan ein vere fødd tam?

2. Leit etter forklaringar på ordet "tam"

Eksempel: Overskrifta er "Pus temde seg sjølv". Kva tyder det eigentleg at pusen har temt seg sjølv?

a. Leit etter andre eksempel som forklarer kva det inneber at katten er tam, eller kva katten gjer om han er tam. Det er over fem eksempel i teksten.

3. Detektivlesing

a. Korleis ser brannete pels ut?
b. Finn minst fire ting som er felles for tamkattar og villkattar.
c. Kva for land reiste den afrikanske villkatten gjennom?