Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Dyr som medisin"

Ein god lesar er ein som tilpassar lesinga til formålet. Elevane skal her trenast i å kunne lese på forskjellige måtar og hensikta er å plukke ut faktaopplysningar frå teksten Dyr som medisin og hente ut faktaopplysningar og anna nyttig informasjon.

BIlde av artikkelen Dyr som medisin, slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet.
Artikkelen er hentet fra Nysgjerrigper nr. 2-2011.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Søkelesing

Søkelesing vil seie å lese for å finne faktaopplysningar. Det kan for eksempel vere å finne definisjonar, årstal eller namn. Når elevane les, skal blikket gli raskt over sida på jakt etter akkurat det ordet eller det talet dei leiter etter. Det er ikkje meininga å lese alt og få med seg argumentasjonen, berre å hente ut konkrete opplysningar. Søkelesing skal derfor gå fort. Ein les nærast med tunnelsyn, der alt anna enn det ein leiter etter, er uinteressant.

Ein god lesar er ein som tilpassar lesinga til formålet. Elevane må derfor trenast i å kunne lese på forskjellige måtar. Når hensikta er å plukke ut faktaopplysningar frå ein tekst, er det bortkasta krefter å lese alt nøye. Om ein derimot skal få med seg eit resonnement, må ein lese langsamt og tenkje over det som står der. Det kan derfor vere lurt å tenkje seg litt om når ein møter ein tekst: Kvifor skal eg lese denne teksten? Skal eg forstå eit poeng eller berre hente ut ein definisjon? Er det for å finne fakta, eignar søkelesing seg best.

For å trene på søkelesing kan elevane gjerne konkurrere med seg sjølve. Kor fort klarer dei å finne faktainformasjonen i teksten? Gi elevane i oppdrag å definere for eksempel ordet antrozoologi. Be dei sjå raskt over teksten, og setje fingeren på staden i teksten som er aktuell. Då kan læraren også enkelt sjå om dei har funne ordet. Vidare kan dei streke under eller skrive opp definisjonen av ordet. Jobb vidare på same måte med dei andre orda. Klarer dei å finne orda raskare etter kvart?

Oppgåver til elevane

Ljugegjetting

1. Jobb saman i par

  1. Sjå på overskrifta «Dyr som medisin». Lag ei ljugehistorie om kva du trur det står i artikkelen. Fortel til ein annan.
    Eksempel: Når eg har vondt i halsen, pleier eg å ete eit par sjiraffar til frukost. Det er fordi sjiraffar har så sunne halsar. Når eg får i meg noko så sunt, blir eg frisk med ein gong. Det einaste dumme er at halsen min veks litt for kvar sjiraff eg et.
  2. Kva trur du eigentleg artikkelen handlar om? Fortel til ein annan.

2. Søkelesing

Finn forklaringane på orda under. Søkeles etter orda, det betyr at du skal sjå raskt over sida og berre leite etter svaret. Skriv opp kva orda betyr.

  1. Antrozoologi
  2. Dyreassistert terapi
  3. Lesehund
  4. Psykolog

3. Detektivlesing

  1. Korleis kan ein hund føre til at barn blir flinkare til å lese?
  2. Kva for helsebringande husdyr finn du i teksten, men ikkje på bileta?
  3. Kvifor kan det vere lurt å kose med eit dyr om ein skal snakke om noko vanskeleg?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 10:21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.