Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Dei første julegåvene"

Korleis lese ein tekst for å lære mest mogleg? Elevane skal teste lesestrategiar på artikkelteksten og leggje fram eit felles svar.

Bilde av artikkelen slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet
Artikkelen om julegåver er henta frå Nysgjerrigper nr. 4-2019.

Last ned materiellet:

Oppgåver og lærarrettleiing (PDF)
Artikkelen "Dei første julegåvene" (PDF)

Lærarrettleiing

Test først – les – test igjen – tenk

Utfordringa til denne artikkelen ligg i å gjere ein test før lesinga, så lese og jobbe med artikkelen for å lære, deretter ta testen ein gong til, og til slutt tenke over korleis ein jobba strategisk med lesinga. Bakgrunnen for denne tilnærminga er at elevane skal jobbe med å bli medvitne på kva dei gjer når dei skal lære av ein artikkel, når dei les for å lære. Det kallar ein metakognitivt medvit eller tankar om korleis ein tenker. Elevar som kan sette ord på korleis dei tenker og les, er også ofte sterkare lesarar.

Testen elevane skal ta, og som ligg på internett, er ikkje heilt lik kvar gong. Rekkefølga på spørsmåla og svaralternativa endrar seg. Det er gjort med vilje, så elevane skal lære seg innhaldet frå artikkelen, og ikkje berre svaralternativa frå testen. Det er fem spørsmål til saman, kvar av dei med tre svaralternativ.

Gangen i arbeidet er som følger:

1. Be alle elevane gå inn på lenka http://bit.ly/lesekroken4

2. La elevane ta testen "Dei første julegåvene" individuelt.

3. Be elevane jobbe som dei sjølv vil med artikkelen "Dei første julegåvene" for å lære mest mogleg. Dei skal ta testen ein gong til etterpå. Då kan dei sjå om dei har lært meir eller ikkje. Gi elevane nok tid til å jobbe, men ikkje altfor mykje, om lag 10 minutt.

4. Ta testen ein gong til. Fekk dei til meir denne gongen?

5. Set elevane saman to eller tre. Be dei fortelje korleis dei jobba med artikkelen for å lære mest mogleg. Nytta dei lesestrategiar? Nokre lesestrategiar er lista opp i boksen, andre kjenner elevane kanskje frå læreverket de nyttar, eller frå andre plassar.

6. Summer opp til slutt: Lag eit felles tankekart eller punkt om korleis klassen meiner det er best å lære for å lese.

Lesestrategiar

  • Sjå på bilete og tekst til bileta
  • Lese overskrifter
  • Lese innleiinga
  • Lese siste avsnitt
  • Leitelese etter nokre ord
  • Skrive nøkkelord
  • Markere ord eller setningar i teksten

Oppgåver til elevane

1. Gjer før-testen

Jobb saman to og to.

a. Gjer testen om "Dei første julegåvene" før du les artikkelen.

b. Les og jobb med artikkelen for å lære deg mest mogleg.

c. Gjer testen ein gong til. Fekk du til meir no?

2. Snakk saman om lesestrategiane dykkar

Jobb saman to eller tre.

a. Fortel så nøyaktig som de kan, kva de gjorde for å lære mest mogleg.

b. Nytta de lesestrategiar? Korleis var dei?

c. Snakk saman om korleis de meiner det er best å lese for å lære.

3. Detektivlesing

a. Kva er ein platespelar?

b. Kven har tatt bileta i artikkelen?
              
c. Omtrent kor gamal var Ann Helen Bolstad Skjelbred då ho blei intervjua i artikkelen?