Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Vaktmeister i djupet"

Å forstå og tolke oppgåver kan vere vanskeleg for ein del elevar. I desse oppgåvene skal elevane kombinere informasjon i artikkelteksten for å finne svar.

Artikkelen om vaktmeisteren er henta frå Nysgjerrigper nr. 1-2017.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Om detektivlesing

Detektivlesing vil seie å lese mellom linjene. For å finne svar på spørsmåla må elevane kombinere informasjon som står ulike stader i teksten. Dei må konkludere sjølv ut frå det dei les, og gjerne også bruke det dei veit frå før.

Svaret på det første spørsmålet i elevoppgåvene, "Kvifor har oljebransjen ønskt seg ein som Mamba", står ikkje direkte uttrykt i teksten. Elevane må bruke informasjon frå dei første avsnitta til å setje seg inn i utfordringane og behova til oljebransjen. Dei siste avsnitta forklarar korleis robotsjøormen kan bidra til å løyse utfordringane.

Ein av oppgåvetypane i dei nasjonale prøvene PIRLS og PISA bygger på detektivlesing. Der blir oppgåvetypen kalla "Å forstå og tolke". Oppgåvene har vist seg å vere vanskelege for ein del elevar. Tradisjonelle lærebøker har heller ikkje gitt denne type oppgåver, men har i staden late svara stå direkte uttrykte i teksten.

Elevane treng øving i å kombinere informasjon for å finne svar. Det får dei gjennom Lesekroken, som kvar gong inneheld ei oppgåve med detektivlesing av ein ny artikkel frå Nysgjerrigper-magasinet. Elevane må gå på jakt etter svar som ikkje finst i klartekst i artikkelen.

Elevoppgåver

1. Jobb saman i par, der ein er A og den andre B

a. Sjå på bilda. Kva trur de teksten handlar om?

b. A les ei overskrift høgt. B gjettar kva som står i teksten. Byt oppgåve så B les ei overskrift, mens A gjettar kva som står der. Jobb dykk gjennom alle overskriftene.

c. Les heile teksten.

d. Kor godt stemte det de gjetta, med det som stod i teksten?

2. Detektivlesing

a. Kvifor har oljebransjen ønskt seg ein som Mamba?

b. Kva for eigenskapar ved slangeroboten Mamba gjer at han eignar seg så godt til å jobbe som vaktmeister på oljefelt?

c. Kvifor har Mamba ei lykt på hovudet?

3. Arbeidsteikning

Tenk deg at du er ein av slangerobotforskarane. No har du forska deg fram til ein heilt ny slangerobot. Lag ei arbeidsteikning av roboten din. Skriv på kva for eigenskapar roboten har, og korleis han fungerer. Kor skal denne slangeroboten brukast?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 07:35 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.