Lesekroken: Undervisningsopplegg til "50 år sidan månelandinga"

Elevane skal lage ei dreiebok for å dramatisere månelandinga i 1969. Dei skal nytte fakta frå artikkelen og får utdelt ei skisse med tre scener.

Oppgåvene er laga til artikkelen "50 år sidan månelandinga" frå Nysgjerrigper nr. 3-2019

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Dramatiser månelandinga ved hjelp av ei dreiebok

Artikkelen "50 år sidan månelandinga" fortel historia om korleis dei fyrste menneska klarte å lande på månen. Framstillinga er kronologisk, ho følgjer historia etter som ho utviklar seg. Difor eignar denne artikkelen seg godt til å dramatiserast. Elevane kan velje om dei vil spele rollene sjølve, med eller utan videoopptak, eller om dei vil lage ei form for figurteater med papirfigurar, dokker, legofigurar eller anna.

For å gjere dramatiseringa fagleg nok får elevane skissa til ei dreiebok som utgangspunkt. Ei dreiebok er arbeidsreiskapen til ein regissør, der dei ulike scenene er forklarte i grove trekk. Dreiebokskissa elevane får, er berre ei ramme. Dei skal sjølve fylle på med detaljar, teikne inn kva dei vil ha med, og bestemme kva dei vil seie. Dei skal gjere framstillinga så korrekt som mogleg, med informasjon frå artikkelen.

Dreieboka er delt opp i tre scener, etter strukturen i artikkelen. Dette er gjort for å hjelpe elevane i gang, så dei finn meir informasjon i artikkelen. Snakk med elevane om scene 1 før dei går i gang med arbeidet med heile dramatiseringa.

Dreieboka har tre rader:

1. Kva skjer?

Overskrifta gir eit spørsmål til elevane, så dei sjølve må finne ut av korleis dei skal starte.

2. Spørsmål

  • Kven er med?
  • Kor er dei?
  • Kva seier dei?

Desse spørsmåla skal hjelpe elevane til å finne ut konkret korleis dei skal dramatisere scena. La elevane sjølve finne ut kven som er med, kva dei heiter og kva for yrke dei har, til dømes.

3. Teikne dreieboka

Her skal elevane teikne ei enkel skisse av korleis dei vil dramatisere scena, berre for å tenkje gjennom om dei til dømes treng eit romskip, om personane skal stå, liggje, sitje og så bortetter.

Spørsmål

Nedst på sida med dreiebok er det nokre spørsmål. Elevane kan tenkje gjennom korleis dei vil løyse dei, til dømes korleis dei kan få fram kva astronautane heiter. Treng dei ein forteljar, eller kan dei gjere noko anna (t.d. å omtale kvarandre, nytte namneskilt på romdrakta som ein ser på biletet).

Dramatisere for kvarandre

Etter at dreieboka er ferdig, skal elevane nytte ho til å dramatisere. La elevane syne dramatiseringane for kvarandre. La elevane gi kvarandre tilbakemelding på om dramatiseringa fekk fram fakta frå månelandinga på ein god måte.

Oppgåver til elevane

1. Lag dreiebok for å dramatisere månelandinga

Jobb saman i grupper på tre.

De skal lage ei dreiebok, det betyr ein plan, for å dramatisere månelandinga.

a. Les gjennom artikkelen "50 år sidan månelandinga".

b. Sjå på dreieboka. Kva meiner de skal vere med i scene 1? Snakk saman for å planlegge kva som skal skje, kva de skal seie, og teikn korleis de vil gjere det.

c. Jobb med scene 2. Snakk saman om kva som skjer, finn på kva de vil seie, og teikn korleis de vil dramatisere handlinga.

d. Jobb med scene 3. Snakk saman om kva som skjer, kva de vil seie, og teikn.

e. Sjekk til slutt at alt de har med, stemmer med fakta frå artikkelen.

2. Dramatiser månelandinga

Jobb vidare i gruppa frå oppgåve 1.
De skal dramatisere månelandinga og bruke dreieboka de har laga.

a. Bestem om de vil dramatisere sjølve, lage ein video eller kanskje nytte figurar.

b. Dramatiser månelandinga.

c. Vis dramatiseringa dykkar for ei anna gruppe.

3. Detektivlesing

a. Kva for eit land kom dei tre astronautane frå?

b. Kven trur de har teke biletet av Edvin Aldrin på månen?

c. Apollo 11 tyder at det var romskip nummer 11. Kvifor kunne ikkje Apollo 1 klart månelandinga, trur de?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 03:58 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.