Forskar på freden i Colombia

Fredsavtalen i Colombia er den første i verda som seier at forskarar skal følgje med på om avtalen blir halden. Også norske forskarar er med på denne jobben.

Borgarkrigen i Colombia varte i 50 år før regjeringa og geriljakrigarane vart samde om å teikne ein fredsavtale i 2016. Då hadde over 200 000 menneske omkome i konflikten.

– Uroa i Colombia starta fordi fattige bønder gjorde opprør mot rike landeigarar og staten, fortel Helga Malmin Binningsbø. Ho jobbar på fredsforskingsinstituttet PRIO, og saman med Bård Drange forskar ho på konflikten i Colombia.

Helga Malmin Binningsbø og Bård Drange forskar på freden i Colombia. (Foto: Thomas Keilman)

I fredsavtalen står det at forskarar skal undersøkje om avtalen blir halden. Nokre forskarar sjekkar kva for punkt i fredsavtalen som er følgde opp eller ikkje. Andre forskarar, som Helga og Bård, spør folk i landet om dei er fornøgde eller misnøgde med avtalen, og kva dei er fornøgde eller misnøgde med.

Følgjer med på freden

Bård har vore i Colombia fire gonger. Han har spurt leiarar, forskarar og vanlege folk korleis dei har prøvd å byggje freden. Han har òg snakka med folk for å finne ut korleis krigen i landet har påverka dei.

I Colombia har krigen ramma folk på landsbygda verst. Fredsavtalen seier at desse menneska skal hjelpast først og mest, men Bård fortel at det sjeldan er tilfelle. På landsbygda meiner folk at det ikkje blir gjort ein god nok jobb for å bevare freden. Staten er for treg, og det er vanskeleg å få dei til å lytte, ifølgje innbyggjarane.

Bård har òg snakka med dei gamle geriljakrigarane, som seier at staten ikkje held det han lovar. Det er mange som framleis er imot fredsavtalen, og geriljakrigarane meiner staten ikkje vernar dei godt nok mot desse.

– Leiarane i Colombia trur at dei veit kva folk vil og treng, men dei samarbeider ikkje godt nok for å finne ut om dette faktisk stemmer, seier Bård. – Det er viktig at folk støttar staten, men det gjer dei ikkje viss staten ikkje høyrer på dei og samarbeider med dei.

Her er ein forskar på veg for å stille spørsmål (Foto: Abbey Steele)

Høyrer på forskarane

Til saman 12 000 menneske i Colombia har svart på spørsmål frå forskarane. Dei fleste av desse er fattige og bur i område der krigen gjorde stor skade.

– Svara viser godt korleis livet deira blir påverka av fredsavtalen, seier Helga.

– Mellom anna fortalde mange at dei ikkje har fått erstatning for jord som dei mista under krigen, sjølv om det stod i avtalen at dei skulle få det.

Då dei som er ansvarlege for å betale erstatninga, fekk vite om dette, sørgde dei for å jobbe hardare i område der mange fortalde at dei enno ventar på erstatning. Slik kan forskinga på freden i Colombia bidra til rettferd og at alle får det dei har krav på.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 08:09 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.