Sov vekk bekymringane!

Om kvelden kan mørke tankar og uro av og til trenge seg på. Visste du at ei natt med god søvn kan gjere at alt ser lysare ut når du vaknar?

Gutt sover med mørkeblå bakgrunn med illustrerte stjerner og en månerundt
Foto: Getty Images

Kva var det eigentleg eg sa til kameraten min på skulen i dag? Vart han litt irritert på meg? Og var det nokon som lo av meg då eg las høgt frå feil side i boka i norsktimen?

Mange har opplevd at uro og mørke tankar kan komme snikande etter at vi har lagt oss om kvelden. Men når du vaknar neste dag, er det ofte som om bekymringane er vaska vekk om natta. Det som var eit kjempeproblem kvelden før, kan du berre smile av når du vaknar.

Kva er det eigentleg som skjer i hjernen når vi søv?

Medan vi søv, går hjernen vår gjennom opplevingar som er fulle av følelsar. Det har den svenske forskaren Christian Benedict funne ut. Gjennom natta søv vi gjennom ulike søvnfasar.

Den siste søvnfasen kallar vi REM-søvn eller draumesøvn. Då aukar aktiviteten i amylgada, hjernen sitt senter for følelsar.

– Når det dukkar opp kjensleladde minne, sørger REM-søvnen for at det vi har opplevd i vaken tilstand, ikkje verkar så ille likevel, fortel Christian. Tenk deg ei mor eller ein far som seier til barnet sitt: «Dette skal du ikkje bekymre deg over. Eg har full kontroll.» Det er omtrent dette REM-søvnen seier til hjernen vår medan vi søv!

Bekymrings-vaskinga som skjer i hjernen under REM-søvnfasen, er ein viktig funksjon i kroppen vår, meiner Christian. Bekymrings-vasken er nemleg kroppen sin eigen måte å handtere sterke følelsar på og sørge for at vi får det betre når vi vaknar.

Dersom vi søv dårleg om nettene, kan det gjere at vi kjenner oss triste, slitne eller lei oss. Difor er det viktig å legge seg i tide.

Tegning av en herne med tre z'er over og et batteri-ikon som indikerer lading
Medan vi søv, vaskar hjernen vekk bekymringar. Illustrasjon: Tank.no

Ut i dagslys!

Det sterke lyset frå mobil- og dataskjermar kan halde oss altfor vakne utover kvelden. Hjernen trur det er dag, og døgnrytmen blir forstyrra.

Om dagen, derimot, er det viktig at du får nok lys. Du treng faktisk ei viss mengde dagslys for å bli trøytt om kvelden! Det er fordi dagslyset hjelper kroppen til å halde seg til ein fast døgnrytme: Vaken om dagen, trøytt nok til å sove om kvelden og natta.

Tegning av mobiltelefon med forbudt-symbol
Lys frå skjermar kan vere dårleg for nattesøvnen. Illustrasjon: Tank.no

Det er ikkje så mykje som skal til. På ein dag med sol er det nok å vere ute i dagslyset i 30 minutt. På ein overskya dag må vi vere ute i rundt ein time for å få like mykje lys.

– Dersom du ikkje har mogelegheit til å gå ut, så set deg ved eit vindauge, anbefaler søvnforskaren Christian Benedict.

God natt!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. desember 2023, 02:46 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.