Elefantungar treng bestemor

Er du glad i bestemor di? Det er elefantungar også!

En elefantunge klatrer på en annen
Ein elefantunge. Foto: Shutterstock

Vaksne hannelefantar lever for seg sjølv det meste av tida. Men hoene og ungane lever i familieflokkar. Som andre familiar leikar dei saman og er glade i kvarandre. Dei stoler på kvarandre og hjelper kvarandre. Og dei sørgjer når ein i familien døyr.

Hoa er sjefen

I elefantflokken er det alltid ei gammal ho som er sjef. Ho blir kalla matriarken. Ho er mor, syster, tante og bestemor til dei andre i flokken. Ho er den som veit kvar flokken kan finne noko å ete, kvar dei kan finne vatn og kvar det er trygt å ferdast.

En elefantunge koser med sin bestemor
Ein elefantunge med bestemora si. Foto: Shutterstock

Større sjanse for å overleve

Forskarar har funne ut at elefantungar som lever i same område som bestemor si, har åtte gonger større sjanse for å overleve enn dei som ikkje har bestemor i nærleiken. Dei fann også ut at dess fleire ungar bestemor sjølv har fått, dess betre sjansar har barnebarna hennar for å overleve. Dette er veldig viktig å vite når vi skal passe på at elefantar overlever og har det bra. Det er viktig at dei får ha bestemor i nærleiken – ikkje minst i dyrehagar, der mange elefantungar ikkje overlever.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 19:33 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.