Fann spor etter krafsekamp hos dinosaurar

Fossil hjelper forskarane med å fortelje historia om dinosaurane.

Bilde av en dinosaur med klørne synlig, samt et utsnitt av et fossil som viser merker av klørne til en dinosaur
Forskarane trur at hannane krafsa dei ut for å gjere seg til for hoene – kanskje for at hoene skulle sjå kor sterke dei var. Foto: Mary Evans Pictures/NTB Scanpix, Shutterstock.

Dinosaurane levde for veldig lenge sidan. Alt som er igjen av dei, er fossil. Det er vanskeleg for oss å finne ut nøyaktig korleis dei såg ut, og endå vanskelegare å finne ut korleis dei levde. Forskarane er kjempeflinke til å granske alle slags fossil og førestille seg kva dei betyr.

Fuglane sine forfedrar

Fossila har vist oss korleis dinosaurane var oppbygde, og at dei hadde skjelkledd kropp. Nokre hadde også fjører, og dei la egg. No veit vi at dei var forfedrane til fuglane. Vi kan derfor tenkje oss at mange dinosaurar oppførte seg ganske likt fuglar på mange måtar. Vi veit at nokre av dei hekka i store koloniar, akkurat slik mange sjøfuglar gjer i dag.

Laga groper

No har forskarar funne nokre fossile groper i bakken i Colorado i USA. Dei er laga av tretåa dinosaurar som liknar på Velociraptor. Forskarane trur at hannane krafsa dei ut for å gjere seg til for hoene – kanskje for at hoene skulle sjå kor sterke dei var. Strutsar og nokre andre fuglar gjer det same i dag. Kanskje samla hannane seg på kampplassar, akkurat som ein orreleik i dag, og krafsa for hoene som kom for å sjå på. Hoa kunne velje seg den hannen ho syntest var flinkast til å grave.