Ku med kompass

Kua veit forskjell på nord og sør. Det har forskarar funne ut ved å spionere på drøvtyggjarane.

Kua har ei underleg evne. Ho veit kva som er nord og sør! Når kua går ute og gnafsar gras, stiller ho seg oftast med hovudet mot nord og rumpa mot sør. Eller med hovudet mot sør og rumpa mot nord. Det er nesten som om kua har eit kompass i kroppen! Kyr på heile kloden har den same mystiske evna. Men korleis veit vi det?

Bilete frå satellittar

Tyske forskarar har spionert på kyr over heile verda. "Spionbileta" er bilete som er tekne av satellittar i verdsrommet. På bileta kan ein sjå dyra som små, avlange flekker i landskapet. Slik såg forskarane at kyrne ofte stiller seg opp som kompassnåler.

Arv frå forfedrar

Forskarane aner ikkje korleis ei ku kan kjenne kvar nord og sør er. Men dei trur at dyra kan ha arva den merkelege eigenskapen av forfedrane sine. Forfedrane levde nemleg på digre sletter. Der var det ingen fjell som dei kunne bruke til å kjenne seg igjen og finne vegen. Då var det nok nyttig å ha eit innebygd kompass til å vise retninga.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 23:52 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.